Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Sande

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur/retur (km)

3,4

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

På vestsida av toppen er der tillaga skjerma sitjeplass med utsikt mot Storetua og Raudsandvatnet
Simavatnet og Rjåhornet
Oktobersoloppgang på Røddalshornet
Utsikt mot Sunnmørsalpane

Røddalshornet

Kvifor gå denne turen?

Røddalshornet har god utsikt over ytre søre og mot Sunnmørsalpane. Gurskøy IL har trimpost på toppen.

Kvar i terrenget går turen?

Start på gamlevegen på Leikongeidet, råsa er skilta mot Røddalshornet. Råsa går på sørsida av elva til du kjem opp til fjellryggen som går opp til Røddalshornet. Råsa går då etter ryggen opp til den toppen du ser frå startstedet, då ser du Røddalshornet, råsa går då etter kanten bort til toppen.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Fv 61 på Leikongeidet, på gamlevegen ved kommunegrenseskiltet mellom Herøy og Sande.

Kvar kan du parkere?

Parkeringsplass på gamlevegen.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 3,4
Lengde tur/retur (km) 3,4
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 250 22
Bratteste helning ned 250 22
Total stigning 380 Høydemeter

Spesielle forhold

På 1970-talet var der skitrekk og slalomløype med lys på austsida av Røddalshornet. Heile anlegget vart demontert på byrjinga av 1990-talet.

Kart

Turkart Ytre Søre Sunnmøre, M711 1119 II og III, Sunnmorskart.no