Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Rjåhornet via Nakken

Om turen

Gradering

Kommune

Herøy

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur/retur (km)

9

Lengde en vei (km)

4,5

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Naken og Hillehornet
På Nakken
Utsikt frå Hillesteinen
På veg til Rjåhornet
Stikrysset rett aust for Rjåhornet
Ruta til Rjåhornet (venstre) med høve til rundtur

Rjåhornet via Nakken

Fotograf: Arnt Flatmo

Kvifor gå denne turen?

På morotur.no finn du skildring av ruter til Rjåhornet frå Leikongsætra, Djupvika og Stemmedalen. I tillegg er det ein del som går frå Kyrkjelydshuset på Leikong. Enda ei ny rute vart etablert i 2016, og han startar i Djupvika, går over Nakken, forbi Hillesteinen og møter ruta frå Leikong ved inngangen til Trongedalen. Heile ruta er merkt med stikker m/refleks.

Med denne ruta får ein høve til ein flott rundtur over Rjåhornet, med utgangspunkt i Djupvika - og med berre 400 m langs vegen.

Er ein på jakt etter ein kort tur med fin utsikt, kan ein ha Nakken (180 moh) som turmål. Her er det turkasse på toppen.

Kvar i terrenget går turen?

Ruta startar i Djupvika. Ein følgjer traktorvegen til foten av nordaustryggen til Nakken, og på tydelig og merkt sti oppover. Toppen er merket med skilt, turkasse og eit trigonometripunkt.

Vidare går ruta sørvestover og passerer sørsida av Hillehornet. Her er det ein kort avstikker til Hillesteinen, som byr på ei flott utsikt over Leikong. Sjølve Hillesteinen er steinen som stikk utover kanten, og som neppe freistar for dei som ikkje er så glad i høgder.

Så går ruta ned mot inngangen til Trongedalen og møter ruta fra Leikong. Her kryssar ein over ein liten bekk og følgjer heia opp til Bakkehornet. No er ein ca. halvveges i høgd.

Frå Bakkehornet kryssar ein endå en liten bekk og følgjer ein markant rygg under kraftledningane. Frå flata på Grøthornet (ca. 490 moh) følgjer ein stikkene rett fram og opp til stikrysset på austryggen til Rjåhornet - 200 m aust for sjølve toppen.

På toppen finn du turkasse og ly bak basestasjonen til Tussa - om vinden skulle vere i sterkaste laget.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Langs rv. 61 mellom Myrvåg og Leikong er det to avkøyringar mot Djupvika. Den sørlegaste avkøyringa (nærast Leikong) er den enklaste. Køyr 150 m til du ser skiltet til "Nakken". Det er ingen parkeringsplass her, så det beste er å spørje nokon om kvar ein kan parkere. Følg traktorvegen 200 m oppover og ta til venstre. Her finn du starten på stien (skilta)

Kvar kan du parkere?

Parkering i Djupvika, men spør om løyve

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Fast grus 0,2
God sti 4,3
Lengde tur/retur (km) 9
Lengde en vei (km) 4,5
Stigning meter grader
Total stigning 650 Høydemeter

Offentlig transport

Busstopp ved Djupvika, rett sør for der ruta startar

Mobildekning

Ja