English

Rjåhornet på Gurskøya (frå Leikongeidet)

Herøy

Kort om turen

Rjåhornet er nest høgste fjellet i Herøy (600 moh) og ligg mellom Leikong og Tjørvåg og har god utsikt over fjell og fjordar i Herøy, Ulstein, Sande og mot Sunnmørsalpane. Tussa/Mørenett har basestasjon med ei høg radiomast på toppen. Gurskøy IL og Tjørvåg IL har trimpost på Rjåhornet.

Ruteskildring

Fra parkeringsplassen på Leikongeidet går råsa nordvestover opp gjennom dalen. Når du kjem opp i Sædalsskaret snur råsa mot nordaust og fylgjer ryggen opp til ein liten topp. Herfra går råsa nedover og svingar nordvestover over myrane og går så opp på fjellryggen. Her tek du til høgre og går nordaustover beint mot Rjåhornet, du må krysse ein liten dal før det går bratt opp til toppen. 

Tilkomst og parkering

Fv 61 på motsatt side av veien for  lysløypa på Leikongeidet ligger en stor turparkering. 

Fottur
Blå
Lengde
4,46 km en vei
Stigning
496 m
Tidsbruk
3 t. 30 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
599 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 4,46

Offentleg transport

frammr.no

Anna

Rjåhornet har også tilkomst frå Tjørvåg, Djupvika og Leikong.

Kart

Turkart Ytre Søre Sunnmøre, M711 1119 I og II, norgeskart.no
Køyreskildring
Print ut