English

Rjåhornet frå Stemmedalen Vassverk

Herøy

Kort om turen

Dei aller fleste turane på Gurskøya er merkt som grøne eller blåe turstiar. Har du istaden lyst til å prøve ei raudmerkt rute, kan du køyre til vassverket i Stemmedalen og følgje skilt mot Rjåhornet. Grunnen til at ruta er merkt som vanskegrad raud er eit bratt parti som startar på ca. 220 moh. Ein kort passasje er noko utsett og det kan vere fallfare på eit par meter her. Utover dette er ikkje ruta meir krevjande enn dei andre turrutene på dette fjellet. På ca. 470 moh er ruta lagt slik at ein passerer Svendsenhola. Her er det mogleg å krype inn mellom kampesteinane og finne ly for vêret om det skulle vere naudsynt. Sjølve hola er ikkje lett å få auge på om ein ikkje følgjer stikkene. Sjølv om denne ruta er ny, etablert i 2016, er det alt tydeleg tråkk mange stadar. Så med god merking m/refleks og små varder skal det vere greit å finne fram heile vegen og opp og ned, sjølv i tåke.

Ruteskildring

Ruta startar ved Stemmedalen vassverk. Følg anleggsvegen 0,8 km opp til skiltet "Rjåhornet 2,5km" nesten oppe ved Stemmedalsvatnet. Ta til høgre her og følg svaberga oppover. Ved ca. 200 moh står ein ved starten på det bratte partiet som er nemnd før. Når ein har kome opp det korte, men utsette partiet, følgjer ein ei lita renne opp til mindre bratt terreng. No ser ein varden på Storevarden (427 moh.). Siste del opp her er òg bratt, men det er inga fare for å falle nokon stad. Vidare går ruta opp til Svendsenhola (ca. 470 moh.) Her dreier ein mot sør/søraust og møter rutene frå Djupvika og Leikong 250 m aust for sjølve toppen. Ein fin rundtur for dei som vil gå litt lenger er å følgje ruta ned mot Djupvika, halde rett frem i stikrysset ned på flata (skilta Huldrehornet "1,3km") og følgje denne ruta til Huldrehornet. Frå Huldrehornet følger ein ryggen nedover 200 m, tek til venstre (skilta "Stemmedalsvatnet 1,7km) og følgjer stien 640 m til stikrysset ved Leitet. Her har ein to val: 1) ta til venstre og følg stien ned mot Stemmedalsvatnet, eller 2) følg stien vidare mot Dyrkyrkja og ta til venstre på Lidafjellstien (skiltet) oppe på Lidafjellet.

Tilkomst og parkering

Følg fv. 654 mot Fosnavåg. Ca 0,8 km etter Aurvågtunnelen (på Tjørvågsiden), tek du til venstre og følgjer den smale asfalterte vegen til Stemmedalen vassverk. Ved avkjøringa frå hovedvegen vil du sjå retningsskilt mot Rjåhornet, Dyrkyrkja, Huldrehornet og Stemmedalsvatnet. Parker omsynsfullt ved vassverket ettersom tankbilar treng plass for å snu her. Stemmedalen Vassverk
Fottur
Rød
Lengde
3,3 km en vei
Stigning
590 m
Tidsbruk
3 t. 10 min.
Sesong
Høst

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 2,5

Offentleg transport

Busstopp før Aspevikvatnet
Køyreskildring
Print ut