Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Rjåhornet frå Kopperstadbrotet, Nerlandsøy

Om turen

Gradering

Kommune

Herøy

Type tur

Fottur

Gradering

XXX Rød

Lengde tur/retur (km)

ca 3.8 km

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Oppe ved Lemevatnet
Utsikt frå toppen mot Skorpa
Opplysningskilt + parkeringsplass
Utsikt ned i bakken mot Crosscartbana til Adventura Nerlandsøy

Rjåhornet frå Kopperstadbrotet, Nerlandsøy

Fotograf: Øystein Nerland

Kvifor gå denne turen?

Litt bratt oppstigning, men flott utsikt på veg oppover. Etter 200 høgdemeter kjem ein til det idylliske Lemevatnet. Ein kan her ta til venstre mot Skagetåa, eller fortsette mot vatnet og følge raude stikker litt mot høgre, sørleg retning. Ved toppen av neste bakke står der vegskilt mot Rjåhornet. På toppen, flott utsikt mot Skorpa, Svinøya og innover mot Sunnmørsalpane. Turen er gradert rød grunnet bratt stigning opp til Lemevatnet som kan være ekstra krevende ved våte forhold. Ellers er turen gradert blå.

Kvar i terrenget går turen?

Parkering ved kopperstadbrotet, Nerlandsøy. Plass til 5-6 biler. Bratt oppstigning på ca 200 høgdemeter. Som oftast litt blaut og glatt rås. Du kjem så opp til Lemevatnet. Følg raudestikker videre til du kjem til eit merkeskilt mot Rjåhornet. Ta til venstre ved skiltet. Videre oppover langs rygg, enkelte stader litt dårleg og lite syneleg sti. Det er ikkje å anbefale å gå same veg ned igjen i vått ver, anbefaler heller då å gå mot Storevarden, eller ned igjen til Mjeltahaugvegen

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar endar turen?

Rjåhornet på Nerlandsøya

Kvar kan du parkere?

Køyr heilt til endes på Kopperstad, tildu kjem til ein port. Her er det plass til bilparkering

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Sleipt underlag Ja
Lengde tur/retur (km) ca 3.8 km
Stigning meter grader
Total stigning 400 m Høydemeter