English

Rjåhornet frå Djupvika på Gurskøy

Herøy

Kort om turen

Rjåhornet (598m) er ein av dei høgaste toppane på Gurskøya, med flott utsikt mot Sunnmørsalpane i aust og storhavet i vest.  På Rjåhornet har Tussa IKT ein basestasjon for tale- og fjernkontrollsamband. I tillegg til Tussa har også fleire andre leigetakarar sine samband her, m.a. kommunar og nærradio. Basestasjonen vart oppført tidleg på 70-talet. Ny hytte og mast (30 m høg) vart oppført hausten 2014.  Rjåhornet er "oppgradert" til 599,9 moh på norgeskart.no, og kan omtalast som ein "600 moh-topp"

Ruteskildring

Heile ruta (3km) frå Djupvika (Rute 11) er merka med stikker og vardar med raudmåling. Dei fyrste 500 metrane går gjennom skogen går på tydeleg sti. Den neste kilometeren går i lettgått terreng over skoggrensa. Like før ein går laus på siste bakken, passerer ein skiltet som viser stien til Huldrehornet. Det er ingen vanskelege parti opp fjellet, men om det er isete, må ein sikre seg med broddar og stavar.

Det er merka fleire ruter til Rjåhornet, Om ein ynskjer å gå rundtur er det fleire alternativ: Sjekk gjerne starttavle før du går evt kart på web sia vår. Rutenr finn du att på karta. https://www.tjorvagil.com/kart

Det er ingen sti langs Stemmedalsvatnet,  og sidan dette er drikkevatnskjelde i området, er det ikkje anbefalt at ein ferdast der.

Tilkomst og parkering

NB! Sommaren 2023 vil det pågå anleggsarbeid på vassleidning i området så følg oppmodinga om å ikkje parkere på andre stadar enn anvist. Parkeringsalternativa er merka med P-skilt.

Langs RV61 mellom Myrvåg og Leikong er det to avkøyringar mot Djupvika. Den sørlegaste avkøyringa (nærast Leikong) er den enklaste. Ta av mot Djupvikvegen og køyr 0,4 km og ta til venstre opp ein blindveg der vegen svingar skarpt til høgre. Følg blindvegen 0,1 km. Stien startar ved ei steinbru. Merka med startskilt og karttavle. Det er merka parkering for 4-5 bilar rett ved sidan av stien. Skulle parkeringa være full kan ein parkere ved stien mot Nakken, 400m mot sør.

 

Fottur
Blå
Lengde
2,87 km en vei
Stigning
570 m
Tidsbruk
2 t. 55 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
598 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 2,87

Kart

1119-I Ålesund
Køyreskildring
Print ut