English

Ringefjellshornet - rute 16d

Vanylven

Kort om turen

Kort og grei tur til Ringefjellshornet 559 moh, som er eit eit godt utsiktspunkt over Fiskå og utover mot Stadt og havet. Ruta til Ringefjellshornet er også eit godt utgangspunkt for tur vidare til Ringefjellsvatnet, eller til ein lenger tur forbi Kong Rings grav og vidare til Svartetua og Blåfelden. Fordi det er veg opp til ca 200 moh er dette nok den lettaste ruta til Ringefjellsvatnet og. 

Ruteskildring

Turen går først i slakt terreng med underlag av torv før terrenget blir brattare. Det er grei rås (sti) heile vegen.

Tilkomst og parkering

Om ein køyrer frå Fiskå sentrum køyrer ein til riksvegkrysset der ein kan velje mellom å ta av mot Åheim eller Syvde. Ein køyrer 650 meter i retning Syvde, tek av til høgre i første kryss og deretter til venstre. Deretter køyrer ein rett fram til vegen tek slutt ca 220 moh. Det går vanlegvis greitt å parkere ved startpunktet for turen ved enden av vegen.
Fottur
Blå
Lengde
2,56 km en vei
Stigning
382 m
Tidsbruk
2 t. 15 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
580 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 5,1

Kart

På tur i Vanylven - kan kjøpast i butikkar og på bensinstasjonar i Vanylven.
Køyreskildring
Print ut