English

Remøykammen og Vardane

Herøy

Kort om turen

Turen Remøykammen og Vardane går på langs over heile Remøya. Du har flott utsikt mot dei andre øyane i Herøy og mot Hareidlandet. Du har også utsikt utover mot havet. Dette er ein fin rundtur. Vardane vert også kalla Linken fordi der er ei telemast på toppen.

Ruteskildring

Råsa startar på austsida av steinbrotet og går oppover på nordsida av skogen til toppen av Remøykammen, frå steinbrotet og opp til Remøykammen er einaste plassen på turen der det er litt stigning, ellers går turen i slakt, fint terreng. Frå Remøykammen går råsa etter høgda vestover til Vardane, først nedover, deretter oppover til Vardane. Frå Vardane går råsa vestover og rundt Storevatnet, deretter austover og kjem ned ved øverste husa i Sævika, derifrå er det 2,6 km på asfalt på gamlevegen aust til steinbrotet.

Tilkomst og parkering

Ta av frå fv 654 i kryss ved Einedalen skule, skilta mot Runde, følg fv 5876 over Leinøya og Remøybrua, når du kjem over Remøybrua tek du til høgre og køyrer til vegs ende, parker her og gå bort til steinbrotet. Liten parkeringsplass der vegen sluttar.
Fottur
Blå
Lengde
6,86 km rundtur
Stigning
276 m
Tidsbruk
2 t. 25 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
192 moh

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 2,6
Sti 4,3

Kart

Turkart Ytre Søre Sunnmøre, M711 1119 IV, Sunnmorskart.no
Køyreskildring
Print ut