English

Remmevegen tur- og rideveg

Haram

Kort om turen

Denne turen er ein veldig fin tur for store og små. Langs vegen kan ein pårekne å sjå mykje dyreliv, både domestiserte dyr og ville. Er ein riktig heldig kan ein sjå havørna som siglar over himmelen. 

Ruteskildring

Ein kan velje om ein vil starte turen frå Hildre eller frå Risneset. På Risneset finn ein ei informasjonstavle. Ingen vanskelege eller bratte parti, og det er ikkje vanskeleg å følgje vegen dit ein skal, sjølv om det er mange gardsvegar som kryssar stien. Det er fint heile året, og du kan gå med joggesko. Vegen er gruslagt og tørr. Ikkje spesielt tilrettelagt for menneske med funksjonsnedsetting, men det er lett framkomst grunna den gode kvaliteten på vegen. Det er bru over ei elv som kryssar vegen, ho har ikkje rekkverk og er ganske smal. Elva er ikkje djup. Turkassa står like ved trelavvoen som er open for alle.

Det er kort veg ut til Bjørnøya frå Gamlem, med kystfortet frå andre verdskrig. I andre enden er det lett adkomst til Hildredalen, som gir mange turmoglegheiter. Langs Remmevegen er det sett fram rastebenkar med bord, samt ein gapahuk som er open for alle. I enden ved Gamlem finns ein dam, kor det er skeissebane om vinteren dersom forholda ligg til rette. Ved godt snødekke er det skiløyper langs Remmevegen om vinteren, men snøen ligg diverre ikkje så lenge i området. På Risneset finn ein ei flott sandstrand med fine bademoglegheiter, og på Brendehaugen er det sett fram benk på utkikkspost.

Tilkomst og parkering

Ein kan ha start frå Risneset ( 6943699.52,361741.7) eller Hildre (62.601782, 6.332721). Bruk dei offentlege parkeringsplassane på Hildre eller ved Hurla bygdastove. Dei er gratis. Parkering ved private eigedommar/gardstun er IKKJE greit, og det er heller ikkje lov med bil eller motorsyklar på turvegen !

Fottur
Grønn
Lengde
3,45 km en vei
Stigning
32 m
Tidsbruk
1 t. 50 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
25 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 3,45

Offentleg transport

Rutebuss i Haram. Fjord1 rute nr. 231

Anna

Helselaga Gamlem og Søvik arrangerer Hjartemarsj langs vegen kvart år. Ein må pårekne å møte hesteekvipasjar langs vegen, då det er ein tur- og ridesti. På vegen ligg også stallanlegget Stall Stene og fleire fjøsanlegg. Dei ulike gardane har forskjellig drift, og ein kan rekne med å møte mange ulike dyreartar som kan vere spanande for dei minste å sjå. Dersom ein har hund må ein ta omsyn til at stien er mykje brukt av store og små, og at det går dyr utandørs heile året. Hald difor hunden i band.

Kart

Treng ikkje kart
Køyreskildring
Print ut