Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Remmefjellet 267 moh

Om turen

Gradering

Kommune

Haram

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Turen startar frå parkeringsplassen ved hovudvegen
Ved infotavla om fiskekortsal tek ein av t.v.
Flott utsikt mot Sunnmørsalpane
Gammal steinbru
Skogsvegen som går langs kraftlinja over Remmefjellet
Stikk UT-posten

Remmefjellet 267 moh

Fotograf: Hilde Ellingsæter

Kvifor gå denne turen?

Turen opp til Remmefjellet (267) er ein fin tur for heile familien. I gamle dagar var vegen over Remmefjellet hovudferdselsåra mellom Brattvåg- og Vatne-sida. No er vegen grodd igjen til ein skogsveg, med eit fint og lett turområde i ope terreng. Oppe på Remmefjellet er det eit stort og flatt område, der vegen går parallelt med kraftlina. Skogsvegen er også populær blant syklistar.

Kvar i terrenget går turen?

Frå parkeringsplassen skal ein følge vegen som går parallelt med elva mot nord (på høgresida når ein kjem køyrande mot Slyngstad). Etter om lag 400 meter, rett etter ei ferist, kjem ein til infotavla om fiskekortsal. Ta då t.v. ved skilting til Remmefjellet og Urfjellet. Ein kjem snart til eit par hytter der ein tek t.v. på litt våt rås gjennom tett granskog. Ta så t.h. opp den tørre og fine skogsvegen som går i jamn stigning opp mot Remmefjellet. Like før ei gammal steinbru (over elva) er det sett opp kvilebenk der ein har god utsikt mot Tennfjord og Fannevatnet (Slyngstadvatnet). Like etter steinbrua blir terrenget slakt, og ein kan fortsette vidare til trimpostkassa som er plassert ved nokre steinar like før det går nedover mot Remme igjen. Det er sett opp kvilebenk og bord ved trimpostkassa.

Turen kan forlengast – enten til Øygardsheia eller til Urfjellet.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Frå E39 skal ein ta av på FV 661 mot Brattvåg og Vatne. Følg FV 661 forbi Engsetdalsvatnet og kommunegrensa til Haram. I krysset på Eidet tek ein av til venstre på FV 659 mot Brattvåg. Etter om lag 3,5 km kjem ein til ei bru over ei elv. Her er det parkeringsplass på begge sider av hovudvegen.

Kjem ein frå Ålesund kan ein også køyre RV 658 via undersjøisk tunnel, vidare over Ellingsøya på RV 107 mot Stette i Skodje kommune. Når ein kjem til krysset som viser RV 661 mot Brattvåg tek ein av t.v. Ved skiltet som markerer kommunegrensa til Haram følgjer ein same vegen som skildra over.

Kvar endar turen?

Ved trimpostkasse, like før der vegen går nedover mot Remme.

Kvar kan du parkere?

Parkeringsplass ved hovedveg

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,8
Fast grus 0,5
God sti 4,1
Stigning meter grader
Total stigning 226 Høydemeter