English

Rellingsetra i Norddal

Fjord

Kort om turen

Skituren til Rellingsetra er ein mykje brukt søndagstur, men passar ypparleg som ein trimtur også andre dagar. Lett stigning framover til setra gjer at denne turen også passar godt for barnefamiliar. Framme kan du ta ein god pause inne på skihytta.

Ruteskildring

Denne turen har to startpunkt. Det mest brukte er frå parkeringsplass på Hatlestad, så det går også fint å starte der. Turen med startpunkt på Lilleåsen er litt lengre, men har meir sol, og eit meir variert terreng, så vi tilrår oppstart her. Turen startar ved parkeringsplassen ved Lilleås skisenter. Herifrå går løypa først i lett kupert terreng den første kilometeren før du renn nedover att mot vegen som kjem frå Hatlestad parkering. Når du kjem inn på denne løypetraseen, tek du til høgre framover vegen. 

Løypa går no etter ein setreveg med lett og jamn stigning i om lag 1kilometer til. Om lag halvvegs får ein flott utsikt over bygda og Norddalfjorden. Vidare tek ein så av til høgre frå vegen. Den siste strekninga fram mot setra blir innleia med ein bakke der du ofte må over i fiskebein og der du får god fart nedatt. Flatt terreng dei siste 400metrane fram til Stikk-ut posten og den gamle skihytta på setra. I området frå Rellingsetra kan det også vere fleire traséar som er oppkøyrde dersom vêr og føre tillet det, m.a. tur vidare til Hatlestadsetra eller Storvatnet.

Løypa blir normalt køyrd opp med eitt spor og moglegheiter for skøyting. Retur same veg tilbake frå Rellingsetra. 

Tilkomst og parkering

Frå ferjekaia i Eidsdal køyrer du først mot Norddal, ca. 5.km. Ved Nærbutikken tek ein til høgre framover i bygda og køyrer i om lag 2km før ein tek til høgre over ei bru. Vegen går vidare oppover til Hatlestad og Lillås utan fleire vegkryss. Du passerer Dyrdalsfossen på vegen. Gratis parkering på både Hatlestad og Lilleås, knytt til skiløyper.
Skitur
Blå Løype
Lengde
7,14 km tur/retur
Stigning
151 m
Tidsbruk
1,5
Sesong
Vinter
Høyeste punkt
599 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Preparert med tråkkemaskin 7,14

Offentleg transport

Offentleg transport er ikkje tilgjengeleg.

Anna

Skihytta på Rellingsetra er eit levande kulturminne sidan dette delvis er eit gamalt hus som vart flytta frå bygda og opp til setra, og teke i bruk som samlingspunkt for ski- og friluftsinteresserte på 50-talet. Er eit mykje brukt samlingspunkt også i dag, spesielt vinterstid. Rellingsetra er også eit godt utgangspunkt for fleire kortare og lengre turar både med langrennsski og tur-/fjellski.

Kart

Turkart for Norddal
Køyreskildring
Print ut