English

Regndalen

Sykkylven

Kort om turen

Regndalen blir karakterisert som ein av dei vakraste dalane på Sunnmøre. Det er ein typisk hengedal. Her heng snøbre over dalen der du finn fossar og stille vatn. Alpine fjell omkrinsar dalen. Det er også godt utsyn mot Velledalen. Passar godt som familietur.

Ruteskildring

Frå parkeringsplassen går du over brua og følger skilt mot Regndalen. Følg elva på høgre side, først på grusveg og etterkvart på god sti. Det er nokså flatt i starten av turen og du går då tett inn til elva stort sett heile vegen. Når du startar på stigninga, kjem du etterkvart litt vekk i frå elva. Stien er tydeleg heilt opp til Regndalen. Han går ein del på svaberg så dersom det er vått , kan det vere litt glatt. Tidvis er det også myrlendt så då kan det vere vått i terrenget. Når du passerer ei elv like før du kjem opp i Regndalen, deler stien seg. Den eine går rett fram, den andre går til høgre opp til restar av ein mur og ein svær stein. Begge stiane fører inn i Regndalen. Ruta går heilt inn til fossen ved Regndalsvatnet. Stien kan vere litt utydeleg på slutten.

Tilkomst og parkering

Frå Sykkylven køyrer du RV60 mot Stranda. Like etter Fetvatnet i Velledalen, tek du av mot Velle. Ta så av mot venstre (du skal ikkje svinge mot Fet). Følg vegen mellom nokre gardstun i 50-sone. Like etter at du kjem inn i 60-sone ser du skilt til Regndalen. God parkeringsplass like før brua. Godt med plass på parkeringsplassen like før brua
Fottur
Blå
Lengde
6,5 km tur/retur
Stigning
431 m
Tidsbruk
2 t. 45 min.

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 5,5

Offentleg transport

Ein kan fint sykle til startpunktet.

Kart

Turglede Sykkylven (nytt turkart 2014)

Lenke til turskildring

Regndalen v/http://www.brabygd.no (Sykkylven)
Køyreskildring
Print ut