English

Rambjøra, Herøy

Herøy

Kort om turen

Rambjøra er den austlegaste toppen på Gurskøya. Mange har dette fjellet som sitt nærområde, og stiane frå Myrvåg og Dragsund er mykje brukt. Rambjøra er berre 132 meter høg og er den lågaste av dei 18 toppane i Herøy kommune og av dei 12 toppane på Gurskøya med primærfaktor på 100 m eller meir. Sjølv med denne låga høgda så byr toppen på ei fin utsikt. Fjellet er lett tilgjengeleg for dei fleste og stiane er lette å gå. Sidan det ikkje er snaufjell er bjørkeskogen til litt ly når vinden tek tak.

Ruteskildring

Det er i hovudsak 3 ruter som går til topps på Rambjøra. Ei rute startar på Myrvågtoppen, ei ved Møre skule og ei frå Dragsundflata. Ruta som er vist på kartet og med profil her, er ein rundtur frå Møre skule med retur via Dragsundflata. Alle rutene er merkte med skilt og stikker - etter kvart m/refleks. På toppen finn du turkasse. Rute nr. 1: Myrvågtoppen - Rambjøra (1km) Ruta startar i byggefeltet og følger tydeleg sti gjennom lyng og småskog før du møter "sørvestryggen" på Rambjøra. Snart møter du stien fra Møre skule. Følg ryggen videre til topps. Delar av stien kan vere ganske blaut etter regnvêr. Rute nr. 2: Møre skule - Rambjøra (1km) Stien startar på oversida av Møre skule. Etter ca. 250 møter den stien frå Myrvågtoppen. Sjå rute 1. Rute nr. 3. Dragsundflata - Rambjøra (1,2km) Ruta startar øvst i byggefeltet i Dragsund. Stien går i nordaustlegg retning over eit myrområde før den går inn i tett skog søraust for toppen. Eit stykke oppe i skogen kjem du til et stikryss. Hald til venstre. Stien til høgre er ikkje merkt og går ned til Øvre Dragsund. Etter kvart dreier stien vest og følgjer vestryggen til topps.

Tilkomst og parkering

Parkeringsplassar (avhengig av kvar du vil gå) finn du ved Bedehuset, Pekas/Kiwi, Møre skule og Brannstasjonen/Djupvikbyget. Rute nr. 1 (Myrvågtoppen): Følg fv. 654 mot Fosnavåg. Ved Myrvåg tek du til høgre ved Pekas/Kiwi. Næraste parkering er ved Møre skule. Følg Dragsundvegen 170 m til første kryss og ta til høgre. Møre skule er første bygning på venstre hand. Gå tilbake til Dragsundvegen og gå opp til første kryss. Ta til venstre og følg Åsvegen 250 m. Ta så til høgre og følg Myrvågtoppen oppover 250 m (hald til høgre i første kryss). Starten på stien er merkt "Rambjøra 1km" Rute nr. 2 (Møre skule) Sjå rute nr. 1 for parkering ved Møre skule. Følg Dragsundvegen opp til første kryss. Følg gang- og sykkelstien nokre få meter til du ser skiltet "Rambjøra 1 km" Rute nr. 3 (Dragsundflata): Følg fv. 654 mot Fosnavåg. Sjå rute nr. 1 for parkering ved Møre skule. Følg Dragsundvegen 500 m, ta til venstre opp Dragsundflata. Etter 280 m, ved enden av vegen finn du skiltet "Rambjøra 1,2km". Alternativ parkering er ved Brannstasjonen/Djupvikbygget i krysset Dragsundvegen-Nedre Dragsund. Herifrå er det noko kortare distanse til Dragsundflata enn frå Møre skule.
Fottur
Grønn
Lengde
1 km en vei
Stigning
115 m
Tidsbruk
50 min.
Sesong
Høst

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 2,2

Offentleg transport

Busstopp ved Myrvåg
Køyreskildring
Print ut