English

Postvegen

Ålesund

Kort om turen

Lett turveg, men noko tungt på grunn av stigninga. Ein kvilebenk er plassert på toppunktet. Vegen er ikkje brøyta om vinteren og bakkane blir tyngre i snøen.

Ruteskildring

Denne delen av Postvegen startar på Russebøen og tek av frå skogsvegen som fører til Hestvika. Du tek av til venstre ved Sjøholt Camping, opp ei til dels bratt stigning på det som var ein kjerreveg. Ørskog kommune, skuleelevar, lag og organisasjonar har siste åra kvista og opparbeidd vegen til om lag den standard han ein gong hadde. Underlaget er delvis grasdekt og bakkane opp til toppen er eit godt middel til å få opp pulsen.

Tilkomst og parkering

Frå sentrum følgjer du skilting til Sjøholt Camping, forbi Ørskog kyrkje og Ørskog prestegard. Før Sjøholt skule svingar du først til høgre og så til venstre i retning Ørskoghallen og Ørskog stadion. Du kan parkere ved fotballbana.
Fottur
Grønn
Stigning
97 m
Tidsbruk
50 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
108 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 1,2
Grus 1

Offentleg transport

Timeekspressen til og frå Sjøholt sentrum.

Anna

Med postvegen som turveg, tenkjer ein oftast på den delen som går mellom Russebøen og Nedrevoll/Amdam. På Nedrevoll startar turvegen like ved eit privathus 300 m frå vegkrysset med riksvegen på Vallbøen (Skilting til Gausneset).

Kart

Ørskogfjellet
Køyreskildring
Print ut