Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Patchellhytta frå Urke

Om turen

Gradering

Kommune

Ørsta

Type tur

Fottur

Gradering

XXX Rød

Lengde tur/retur (km)

15,6

Lengde en vei (km)

7,8

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

12 sylindra Daimler Benz flymotor
Storevatnet, vi ser frå venstre Maudekollen, Klokksegga, Saksa og Breidfonnhornet
Isavatnet
Full konsentrasjon ved passering av høgste punktet på turen, Slogen i bakgrunnen
Den gamle Patchellhytta vart sett opp av Charles Watson Patchell på slutten av 1920 talet
Patchellhytta

Patchellhytta frå Urke

Kvifor gå denne turen?

Patchellhytta ligg vest i Habostaddalen mellom Øye og Stranda. Den ligg mellom dei tre kjende turmåla Slogen (1564 moh), Smørskredtind (1639 moh) og Brekketindane (1578 moh) og er eit perfekt utgangspunkt for turar til desse toppane. Den gamle Patchellhytta er ei steinbu som vart bygd av Charles Watson Patchell på 1920 talet, den vart fullrestaurert på slutten av 1970 talet og har 5 køyer. I 1964 vart den nye Patchellhytta bygd, og i 2011 vart den påbygd, den er sjølvbetjent med standard DNT nøkkel, og har 72 køyeplassar og der er eige rom for hundar med eigen inngang. Patchellhytta ligg i Stranda kommune, men heile turen frå Urke går i Ørsta kommune då hytta ligg heilt inntil kommunegrensa. Turen til Patchellhytta er ikkje den vanlegaste vegen å gå, men når du går her føler du verkeleg kor ville fjell vi har på Sunnmøre, dalen du går er omkransa av høge og ville tindar, Saksa, Breidfonnhornet og Elsantindane i vest, Klokksegga, Maudekollen (Urkeegga) og Slogen i sør, Haukåsryggen, Vellesæterhornet, Geithornet og Brekketindane i nord. Frå Patchellhytta går der også rås til Vellesætra og Brunstadsætra i Sykkylven, til Skylstad og Øye i Ørsta og til Liasætra og Habostadsætra i Stranda. Sjå også turen Liasætra-Patchellhytta.

Kvar i terrenget går turen?

Dersom du har køyrt opp frå Urke via Haukåssætra går du frå parkeringsplassen og over brua, då startar råsa på andre sida av anleggsvegen som går fram til inntaksdammen, dersom du har køyrt opp anleggsvegen frå Klokk startar råsa 100m før du kjem opp til inntaksdammen. Råsa går på sørsida av elva ca 1,5 km, då skal du krysse elva på bru over til Langsætra og gå austover dalen på nordsida av Storevatnet og Isavatnet, når du har passert Isavatnet går råsa mot sør og du passerer høgste punktet på turen (ca 1000 moh) og går mot aust rett ned til Patchellhytta.

Kulturminne

Den gamle Patchellhytta som vart bygd av Charles Watson Patchell på 1920 talet. Patchell ferierte på Øye kvar sommar i ei årrekke og klatra dei fleste tindane i området.
Dei gamle sæterplassane Myrsætra og Langsætra.
Krigsminne på Myrsætra: Når vi startar turen på Myrsætra kjem vi til ein flymotor som står ved råsa, den er eit minne frå slutten av krigen, 16 februar 1945. Denne dagen var det eit luftslag mellom allierte fly og tyske fly som førte til at fire tyske Messerschmidt 109 vart skotne ned i lufta over Urke. Eit av desse styrta her ved Myrsætra i Langsæterdalen. Flygaren berga seg i fallskjerm og fekk hjelp ned til Urke av ungdomar i bygda.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Frå vest: E39 til Ørsta, ta av i Ørsta sentrum på fv 655 skilta til Sæbø, ta ferje frå Sæbø til Leknes (NB sjekk ferjeruta, lenge mellom kvar avgang) Frå Leknes køyr ca 2 km til Urke. Frå aust: Ta av frå fv 60 ca 4 km vestapå Hellesylt og køyr fv 655 til Urke. Frå Urke kan du køyre fram Urkedalen. via Haukåssætra til parkeringsplassen ved vegenden (ca 4 km), eller du kan køyre anleggsvegen som går frå Klokk til inntaksdammen til kraftverket (ca 3,5 km) Anleggsvegen er svært bratt så du bør ha firehjulstrekk for å køyre den.

Kvar endar turen?

Patchellhytta

Kvar kan du parkere?

Parkeringsplass ved enden ev vegen

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 7
Dårlig sti 0,8
Lengde tur/retur (km) 15,6
Lengde en vei (km) 7,8
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 100 25
Bratteste helning ned 50 20
Total stigning 680 Høydemeter

Mobildekning

Dårleg dekning på heile turen

Kart

Sunnmørsalpane, M711 1219 II, M711 1219 III, norgeskart.no