English

Padletur til Vollvika og fottur opp til Yste Skotet

Sykkylven

Kort om turen

Ein flott padletur i kombinasjon med vakkert kulturlandskap og mykje historie. Etter padleturen gå du opp frå sjøen ein bratt sti til garden Yste Skotet. Dei fleste treng rundt ein halv time på veg opp till 225 moh. Stien er grei å gå, ingen luftige plassar for folk med høgdeskrekk!Ei sjeldan perle av ein fjellgard/ fjordgard, med fin rås sørover til både Me Skotet og Inste Skotet. Dersom du vel å gå opp til Yste Skotet får du med deg ei flott kulturoppleving og høve til å nyte den flotte utsikta over fjorden. Yste Skotet ved sjøen. Desimalgrader: Breiddegrad: 62.41619 Lengdegrad: 6.89953

Ruteskildring

Startar med sjøsetting frå Ramstadkaia, ein grei plass rett aust for kaia (høgre side). Nesten sørlandsidyll ved Ramstadkaia. Roleg start ut på Ramstadvikja før ein legg kurset rett austover for å runde Bugneset. Hald litt avstand til fjellveggen der den er på det brattaste p.g.a. steinsprangfaren. Det er mogeleg med vasspåfylling i elva som renn i fjorden frå Bugane. Fine mønster i flomålet på svaberga for den som brukar auga. Er du heldig kan det kome ei ørn seglande over fjorden. Neste bratte nes ein skal runde er Kjeflåneset. Ein svingar no sakte sørover langs med land, Yste Vollvika og Vollvikneset. Terrenget blir litt snillare ned mot fjorden med både osp og furutre. Frå Vollvikneset padlar ein rett over Vollvika til naustet som ligg fint til i sørsida av Vollvika. Her startar råsa opp til dei idylliske Skotsgardane. Den første du kjem til er Yste Skotet. Turen er ca 6,5 km i padledistanse ein veg og tek ca 1,5 time ved roleg padling.

Tilkomst og parkering

Du tek av frå sentrum i Sykkylven ved småbåthamna. Det står skilta mot Ramstaddalen . Det er ca 1 mil frå Sykkylven sentrum og inn til Ramstadkaia. Du kjem først til Søvikdalen. På Klokk held du fram på vegen rett fram (venstre) og ned ein bratt bakke.Ikkjeover brua,men til venstre ned mot sjøen. Du kan også kome frå Standa og ta av ved Fjellseterskifte direkte ned til Ramstaddalen. Når du kjem ned i dalen tek du av til høgre, på Svindset svingar du ned mot vestre mot barneskulen, over brua og til høgre mot sjøen. Ramstadkaia : Desimalgrader Breiddegrad: 62.4304 Lengdegrad: 6.78655 Du kan parkere på Ramstadkaia nede ved nausta. Men du må ta omsyn til at det er snuplass for større køyretøy. Dersom du er i tvil på kvar du kan parkere så spør den lokale kjøpmannen på Nærmat.
Padletur
Blå
Lengde
6,76 km en vei
Tidsbruk
3 t. 25 min.

Løype på kart

Offentleg transport

Du kan kome deg til Ramstaddal ved å ta buss. Rute 15-227 (252) Sykkylven- Ramstaddal- Søvikdal sjå rutetider på http://www.fjord1.no. Det er få bussavgangar spesielt i skuleferiane.

Anna

På Skotet er det av dei få artsrike slåttemyrane som er igjen i landet. Slåtteenga på Ytste Skotet er registrert i Naturbase med A prioritet. Dette betyr enga har ein nasjonal verdi som slåtteng grunna høgt innhald av biologisk mangfald. Sjølvbergingsgarden Yste Skotet ligg oppe i lia (Stordal kommune). Det er Sunnmøre museum som har hovudansvaret for drifta på Yste Skote. Museumet ynskjer å formidle det historiske levesett, bruk av naturen, handverk, dyrehald og matlaging. Det vert teke er ei lita museumsavgift av gjestande for å halde hus og kulturlandsskap i hevd. Barn kr 20 kr og vaksne 40 kr ( 2011). I tillegg har Yste Skote si eiga venneforeining og eit nært samarbeid med Storfjordensvenner.

Kart

Turkart for Sykkylven, Stranda blad 1219.

Lenke til turskildring

Yste Skotet - Stiftinga Sunnmøre Museum
Køyreskildring
Print ut