English

Overåsætra

Stranda

Kort om turen

Ein tur med flott utsikt til Overå og innover Norddalsfjorden. Ender opp på seterstølen til grenda Overå i Liabygda.

Ruteskildring

Turen startar på parkeringsplass, og ein følgjer fylkesvegen ca 100 meter innover før ein tar av opp på den gamle setervegen. Gå gjennom grinda, og ta så straks til venstre opp gjennom granskogen, følg dei raude sløyfene på trea. Ta så til høgre oppe på skogsbilvegen, og følg denne til endes, ca 400 meter. Vidare følgjer ein den gamle seterråsa opp til stølen. Råsa/stien er forholdsvis bratt og godt merka. Kassa med boka heng på ein setervegg på nedre del av stølen. Turen er totalt på ca 1,2 km, og har en stigning på ca 225 meter. Husk å lukke grinder.

Hugs på at estimert tidsbruk kan variere frå person til person. 

Tilkomst og parkering

Turen starter ved parkeringa ca 500 meter før Overåtunellen. Turen starter ved parkeringa ca 500 meter før Overåtunellen.
Fottur
Blå
Lengde
1,2 km en vei
Stigning
205 m
Tidsbruk
1 t. 10 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
395 moh

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 0,8
Køyreskildring
Print ut