Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Norddal

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde tur/retur (km)

3,8

Lengde en vei (km)

1,9

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Setrevegen frå Omnos til Omnossætra.
Grindløa som Lions Club Valldal har bygt på Omnossætra. Utsikt mot mellom anna Heimsætra og Valldalssetra i Valldalsbotn, og fjella ikring.

Omnossætra

Kvifor gå denne turen?

Omnossætra ligg i Valldalsbotn, ein sidedal til Valldalen, om lag sju km frå fjorden. Myklebustelva med utløp frå Brekkevatnet renn midt i dalføret. Setra ligg rundt 300 meter over havet i ei vesthelling under fjellet Gjerdsegga på austsida av elva. I dag går det bilveg frå Omnos og fram til setra. Siste året det vart setra, var i 1955. (Frå boka «Til seters – setrar i Norddal», Valldal Bygdekvinnelag, 2012).
Nedlagt seterstø med fleire gamle sel og nyare hytter.
Nybygd grindløe med bålplass som er open for alle. Bygd av Lions Club Valldal.
Frå Omnossætra kan du gå vidare til Brekkevatnet, Høghaugen, Gjerdsegga og Gjerdsgrenda.
Store hogstfelt har gitt fin utsikt mot Valldalsbotn og dei to sætrane Heimsetra og Hjellsetra på andre sida av elva, og nedover dalen.
Lett tur på fin grusveg.

Kvar i terrenget går turen?

Parkering ved Valldal IL klubbhus på Omenås. Følg asfaltveg mot Omnosåsen bustadfelt i om lag 200 meter. Der asfaltvegen gjer ein sving, hald fram rett fram på grusveg. Grusvegen fører deg oppover til Omnossetra, ca 1,7 km og 200 høgdemeter. Bomveg. NB! Sommaren 2018 er det beitedyr på setra, og turkassa er plassert ved grinda inn til setra.

Lenke til turbeskrivelse

Kulturminne

Gamle utløer langs grusvegen. Sæter med gamle sel og steingardar.
Les meir i lenka til kulturminneatlas og i boka Til seters - setrar i Norddal.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Turen startar ved Valldal IL klubbhus på Omenås

Kvar kan du parkere?

Parkering ved Valldal IL klubbhus på Omenås i Valldal. Gratis.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,2
Fast grus 1,7
Lengde tur/retur (km) 3,8
Lengde en vei (km) 1,9
Stigning meter grader
Total stigning 200 Høydemeter

Offentlig transport

http://www.frammr.no/Ruter/Buss/145
Få bussavgangar i dette området.

Mobildekning

Ja

Kart

Turkart Norddal kommune