English

Øyrahornet

Herøy

Kort om turen

Øyrahornet (419 moh) ligg rett over Tjørvåg og byr på ei fantastisk flott utsikt. Det er sett opp ein benk rett under toppen slik at turgåarar kan sitte godt og nyte utsikta – og kanskje noko godt i matboksen. Stien opp frå Tjørvåg er godt merkt og lett å følgje. 

Ruteskildring

Heile ruta frå Øyrahaugen er merkt med stikker, som har refleks. Stien går først langs Øyraelva og ved den gamle demninga går ruta opp nordaustryggen. Her følgjer stien svaa oppover. Etter regn kan desse vere glatte så då tilrår ein å gå attmed.

Frå toppen kan ein følgje merkt rute til Slettheia og vidare til Selsteinen. Her går det ei tydelig (og delvis merkt) rås til Storehanen. Frå Storehanen kan ein følgje merkt rute mot Sandvikhornet og kome ned att i Tjørvåg. Det er ein utrolig flott rundtur.

Øyrahornet er ikkje ein utprega skitur, spesielt ikkje frå Tjørvåg. Men dei vintrane som byr på nok snø bør freiste dei som liker å svinge seg ned bratte bakkar.

Tilkomst og parkering

Parker ved MH24 i Tjørvåg. Følg hovudvegen 200 m sørover til avkøyringa mot Øyrahaugen. Her er det eit turskilt - "Øyrahornet 1,6km". Ta til høgre i første kryss og følg vegen 100 m opp til der traktorvegen startar. Følg den til den delar seg etter få meter. Ta så til høgre mot elva. Merk at lengden på turen (1,6km) er målt frå starten på stien. Dei 300-400 meterane frå parkeringa er ikkje medrekna.

Fottur
Blå
Lengde
1,55 km en vei
Stigning
394 m
Tidsbruk
60 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
417 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 1,55

Offentleg transport

Busstopp "Tjørvåg nord", mellom Øyrahaugen og MH24 (parkering)

Lenke til turskildring

Køyreskildring
Print ut