English

Øyna rundt på Langsætrane i Stordal

Fjord

Kort om turen

Øyna rundt er ein lett rundtur på 2 km langs grusveg. Øyna ligg i Langsæterområdet som har to store stølar, Pusken og Kvitlane. Pusken ligg lengst mot nord. Mellom stølane ligg deltaområdet Øyna. 

Ruteskildring

Frå parkeringsplassen ved Puskebrua går du over brua og tar til høgre langsmed elva på grusveg, Gå langs elva og etter om lag 700 meter kjem du til ei bru som du går over og kjem til Kvitlestølen. Her finn du turkassa på ein liten parkeringsplass øvst på stølen. Vidare går du nedover stølen. Etter om lag 700 meter kjem du til eit kryss og treff Langsætrevegen. Ta til høgre og nye 700 meter tilbake til parkeringsplassen. (Her kan ein etterkvart også fylje turvegen frå Kvitlebrua og til Puskebrua. Dette etter at snøen har smelta) Sjølve Øyna-området dekkjer eit mindre areal enn den rundturen som her er beskreve. Her er råser og gangbruer i Øyna som er lette å finne og terrenget er lett å orientere seg i.Øyna, med gapahuk og bålplass, finn du lettast når du startar frå Puskebrua og går langs elva mot Kvitlane. Etter 200 meter tar du av ein stikkveg til høgre. Du når også lett Øyna frå Kvitlestølen.

OBS! Frå oppstarten 1. mai og nokre dagar framover, vil det nok ligge snø i eit lite område attmed turkassa og det siste stykket (ca 100 meter) før denne. Dermed vil det heller ikkje vere eigna med bruk av rullestol den første delen av mai. Eit alternativ kan då vere å gå frå Puskebrua og motsatt veg. Ein fyl då Langsætervegen 700 meter og tek av (til venstre) til Kvitlane. Går så over Kvitlebrua og ved enden av vegen, ca 700 meter lengre oppe på stølen, er ein så godt som heilt attmed turkassa. 

Tilkomst og parkering

Frå Fv 650 på Mo, tar du av til fylkesveg og køyrer fram mot Overøye. Fortsett ca. 1,9 km frå Arena Overøye på Langsætervegen mot Puskestølen. Parker før Puskebrua og gå over den. Ta til høgre og gå på grusvegen langs med elva. (sjå meir under rutebeskrivelse)

Fottur
Grønn
Lengde
2 km rundtur
Stigning
30 m
Tidsbruk
1 t. 5 min
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
398 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 2

Anna

Øvre Stordal, Langsætrane og Øyna har også eige turkort, som kan lastast ned som pdf-fil frå http://www.friluftsraadet.no På Øyna er det lagt til rette med m.a. gapahuk, toalett, bålplass, bade- og fiskemuligheiter. Langsæterområdet er utgangspunkt til mange flotte turar. Både rolege turar, toppturar og overgangsturar, m.a til Tresfjord, Innfjorden og Valldal. På begge dei to stølane (Pusken og Kvitlane) er det fleire flotte sel frå den tida det var sæterdrift der. 

Kart

Turkart Ørskogfjellet
Køyreskildring
Print ut