English

Øygardshalsen

Surnadal

Kort om turen

Ein skitur til Øygardshalsen er ein fin lågterskeltur som går i relativt flatt terreng. Startpunkt for turen er klubbhuset ved skianlegget til IL Søya på Vang, og turen går etter oppkøyrd løypenett. Dette er derfor eit ideelt turmål for både store og små. Turmålet er rastebenken og turkassen ved Øygardshalsen der ein flott utsikt ventar deg.

Ruteskildring

Ved Vang skiarena parkerer du ved skilta parkering. Gå inn i lysløypa på venstre side av vegen og fortsett vidare i same retning du kom køyrande. Følj så Stikk UT!-skilta fram til Øygardshalsen.

Tilkomst og parkering

Det kan vera lurt å ta utgangspunkt i vegkrysset som ligg på riksveg 670 ein stor km frå ferjekaia på Kvanne i retning Skei. På øversida av vegen her startar Røvegen. Herifrå er vegen mot Vang skiarena skilta, og det er i underkant av tre kilometer fram dit. Ved skiarenaen parkerer du ved skilta parkering.

Skitur
Grønn Løype
Lengde
1,7 km en vei
Stigning
91 m
Tidsbruk
45 min.
Sesong
Vinter
Høyeste punkt
250 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Preparert med tråkkemaskin 3,4

Offentleg transport

Nei

Anna

Turen er skilta. Hugs hodelykt på kveldstid!

Kart

Du kan laste ned turkart over området her: http://www.ilsoya.no/blog/post/88947/nytt-kart-for-sommerturer.?ispage=false. Dette kan vera kjekt på ha med seg på telefonen sin.
Køyreskildring
Print ut