English

Øverberg - Vassdalsbu - Kvistivatnet - Bjørnen - Øverberg

Vanylven

Kort om turen

Denne turen slynger seg fint innover mot Lidane frå Øverberg med ei fin elv på sida der ein kan både fiske å bade. I enden av grusvegen finn ein og nokre gamle murar. Innover Lidane går det slakt og fint oppover mot Vassdalsbu. Vidare mot Kvistivatn og Bjørnen åpnar lanskapet seg meir og ein får tilslutt ei fantastisk utsikt utover Saurdal og Syvde i nordleg rettning og utover Vanylvsgapet mot vest. Det fins mange teltplassar langs denne ruta, til dømes ved Kvistivatn (avmerka på kartet). Sluttstaden er samme som startstaden, på p -plass ved varmestova til Øverberg skisenter.

Ruteskildring

Turen startar roleg og fint med ca 1 km grusveg og går deretter over i å gå på fast sti langs ein morenerygg før ein får ei lita stigning opp på Leitet. Litt før toppen av Leitet er det eit vegkryss (N62 01.520 E5 42.040) der ein tek til høgre opp på den velse toppen. Der finn ein og skiltet som står Leite på. Fint terreng innover til Vassdalsbu. Frå Vassdalsbu går ein mot vest oppover ein bakke, når ein har komt opp kneika kjem ein til Skinvatnet, her skrår ein fint oppover slik at ein kjem til osen ved Kvistivatn. Her går ein mot aust at opp på ryggen og fyll den. Når ein har komt til den private hytta (N62 01.412 E5 40.798) er det litt brattare parti før ein kjem opp på flata som ein fyl eilt til varden ved Bjørnen. Ned frå Bjørnen til Øverberg er det delvis litt bratt. Resten av turen går ein på grusveg.

Tilkomst og parkering

Ved start ifrå Øverberg; Frå Syvde kjører ein fylkesvegen mot Saurdal (6km). Deretter ca 2km på kommunal veg (grus) mot Øverberg. Ved varmestova på Øverberg skisenter. Det kostar 20 kroner for å parkere der ein dag.
Fottur
Blå
Lengde
7 km tur/retur
Stigning
465 m
Tidsbruk
2 t. 55 min.

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 2,8

Kart

Vanylven
Køyreskildring
Print ut