Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Øverberg - Slivatnet

Om turen

Gradering

Kommune

Vanylven

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Lengde tur/retur (km)

8,6

Lengde en vei (km)

4,3

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Oversikt mot Slivatnet
Grunnmurar til Saurdal si seter
Rinden
Frå Rinden mot skisenter

Øverberg - Slivatnet

Fotograf: John Willy Klungre, Åge Sørdal

Kvifor gå denne turen?

Ein lett og fin tur som slynger seg innover Syvdslidane til Slivatnet. Ein går delvis langs ei elv som er fin både å fiske og å bade i. Langs elva er det og mange fine teltplassar og ein kjempe flott gapahuk (N62 01.246 E5 41.915)

Kvar i terrenget går turen?

Turen startar roleg og fint med ca 1 km på grusveg, på enden finn ein dei gamle setrane. Vidare går ein på toppen av ein morenerygg og opp til eit vegkryss (N62 01.512 E5 42.050). Her tek ein til venstre ned mot elva og gapahuken (N62 01.246 E5 41.915). Vidare innover fyll ein ski trasen og elva til Slivatnet.

Kulturminne

Når ein kjem til enden av grusvegen, kjem ein til eindel gamle steinmurar (N62 01.696 E5 41.388) Detter er restane etter setrane i Saurdalen som var i bruk til ca 1950.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Frå Syvde kjører ein fylkesvegen mot Saurdal (6km). Deretter ca 2 km på kommunal veg (grus) mot Øverberg.

Kvar endar turen?

Ein kan gå denne turen som tur/retur, viss ikkje er det Slivatnet som er sluttstad (N62 00.240 E5 42.199).

Kvar kan du parkere?

Ved varmestova på Øverberg skisenter. Det kostar 20 kroner for å parkere der ein dag.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Fast grus 2
God sti 6,6
Lengde tur/retur (km) 8,6
Lengde en vei (km) 4,3
Stigning meter grader
Total stigning 180 Høydemeter

Kart

Vanylven