Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Øverberg - Nipa - Slivatnet

Om turen

Gradering

Kommune

Vanylven

Type tur

Fottur

Gradering

XXX Rød

Lengde tur/retur (km)

15,2

Lengde en vei (km)

7,6

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Sett frå Nipa mot Lisjerøfsdlasnipa og Gavlen
Ut mot Vanylvsgapen
Opp Ågotryggen mot Nipa
Utover det minste Ågotvanet i solnedgang

Øverberg - Nipa - Slivatnet

Fotograf: Åge Sørdal, Sven Tore Sørdal

Kvifor gå denne turen?

Nipa er ein av dei lettast tilgjenglege toppane med utsikt over det meste Syvde har å by på av alpin natur. Ein ser og utover mot Sadtlandet og innover mot ytre Nordfjord. Midtsommar kan ein sjå sola gå ned i havet. Langs denne ruta er det og mange fine fiskevatn ein kan prøve lukka i.

Kvar i terrenget går turen?

Når ein startar på p-plassen på Øverberg kryssar ein elva over ei gammal steinbru. Ein går vidare innover i flatt terreng (sør) til ein kjem til Moldstigane der ein følgjer stien oppover langs bekken. Etter ca 500 meter på stien kjem ein til eit stikryss, der ein tek av mot Nipa (aust). Når ein tek av i stikrysset er det ikkje nokon tydleg sti lenger, men ein går mot Storeskaret (575 moh) og eit lite tjern som ligg ved forten av Nipa (N 62`01883 E 005`43492 ). Vidare skrår ein litt oppover mot Ågotryggen. Denne ryggen følgjer ein til toppen av Nipa (bilde). Ågotryggen er ein ganske smal rygg som i toppen har tendensar til klyving, men stega er på fast fjell så det er ikkje problem å gå der. Frå toppen av Nipa går ein sørover i lett terreng forbi Nipevatn, mellom Ågotvatna og ned mot Molddalen til ein treff høgspentlinja. Følg høgspentlinja vestover til Slivatnet.

Kulturminne

Ved start frå parkeringsplassen på Øverberg, møter du ei gammal steinbru etter ca 150 meter. Vidare innover går du på ein gammal støylsveg, som fører fram til støylen til Nedreberg og Lade (Sørdalen). Her er det og restart av gamle kvier og fleire gamle støylshus.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Frå Syvde kjører ein fylkesvegen mot Saurdal (6km). Deretter ca 2km på kommunal veg (grus) mot Øverberg skisenter.

Kvar endar turen?

Turmålet er ved Slivatnet. Frå Slivatnet kan ein gå ca 3 km på grusveg til Almklov eller ein kan gå rute 55a(sjå turkart) tilbake til Øverberg.

Kvar kan du parkere?

Parkering på Øverberg kostar 20 kr.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 2
Natur 4
Myr 10
Lengde tur/retur (km) 15,2
Lengde en vei (km) 7,6
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 100 42
Total stigning 580 Høydemeter

Kart

Vanylven