English

Ørnetua – frå Kilebrekka – rute 69

Vanylven

Kort om turen

Lett familietur utan dei lange motbakkane, og med sluttmålet berre 157 høgdemeter høgre enn startpunktet. Startpunktet er godt skilta, og turen er godt merka med blå merkepinnar eller blå malingflekkar på steinar eller liknande 

Ruteskildring

Turen startar på Kilebrekka. Kilebrekka er det høgste punktet på vegen som går mellom Syltedalen og Sørdalen. Ein kan køyre til Kilebrekka både frå Syltedalen og Sørdalen. Startpunktet er godt skilta, og turen er godt merka med blå merkepinnar eller blå malingflekkar på steinar eller liknande. Allereie etter 200 meter får ein flott utsikt over Syltedalen og Sylte, og vidare nordover mot Fiskå. God utsikt er det jamt over heile tida fordi ein mesteparten av tida går langs ryggane mellom dei små fjelltoppane. Dette er ei av dei 3 rutene som går til Ørnetua. Av dei 2 andre rutene startar den eine fremst i Syltedalen, og den andre startar i Gusdalen på Åheim like ved olivindagbrotet til Sibelco Nordic.

Tilkomst og parkering

Du kan køyre til Kilebrekka enten frå Syvde eller frå Sylte. Frå Syvde tek du av ved kryss med skilt mot Sørdal og køyrer på asfalt forbi Sørdalsvatnet og til enden av dalen. Der er det grusveg opp til Øverberg og Kilebrekka. Køyr til du når det høgste punktet på vegen. Der er det skilta mot Ørnetua. Vanlegvis er det greitt å parkere der ruta startar på Kilebrekka.
Fottur
Grønn
Lengde
3 km en vei
Stigning
279 m
Tidsbruk
2 t. 10 min.
Høyeste punkt
556 moh

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 6

Kart

Turkart: På tur i Vanylven – kan kjøpast i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven
Køyreskildring
Print ut