Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Ørskog

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur/retur (km)

2,6

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Frå Nyseternakken nordover mot Skorgedalen med Ystetinden og Sprovstinden.
Her skal du gå til venstre for steinane, råsa startar mellom buskene.
Utsikt mot Kvanndalen og Høgsvora.
Nyseternakken sørvestover, E 39 og Fjellstova i framgrunnen.

Nyseternakken

Fotograf: Hilde Sørdal

Kvifor gå denne turen?

I løpet av ein halv times gange frå E 39 når du 549 moh. Sjølv om dette er ein kort tur, får du ei fin fjelloppleving på toppen. Her er vid utsikt til fjella og toppane ikring og til fleire sætrer, m.a. Kvanndalsætra og Skitnesætra og to sambeite (Ørskog og Engesetsætra). Snøfritt frå midten av mai.

Kvar i terrenget går turen?

Følg den private vegen oppgjennom hyttefeltet på Nysetra. Rett før den øvste hytta, ved sidan av to store steinar startar råsa. Du ser henne tydeleg i terrenget frå bilvegen i den siste stigninga i Landedalen vest for Nysætra. Råsa ber tydeleg preg av å vere mykje brukt og sjølv om den eit stykke er noko bratt, er den ikkje vanskeleg å gå.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Aust for E 39, rett overfor Fjellstova ser du murane av den gamle Nyseterstova. Ein privat veg startar nord for desse og går opp mellom hyttene.

Kvar endar turen?

Etter at den første bratta er unnagjort, kjem du til eit trigonometrisk punkt. Her er det flott fugleperspektiv til Nysetra og Fjellstova. Etter nokre hundre meter i slakkare terreng kjem ein til ein varde, der det også er plassert ein trimpost med bok til registrering. Råsa går vidare nordover til ein stor, flat stein de det er god utsikt mot Skorgedalen, Ytstetinden og Sprovstinden.

Kvar kan du parkere?

Parkering ved E 39 - Fjellstova på Ørskogfjellet.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Fast grus 0,6
God sti 2
Lengde tur/retur (km) 2,6
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 110 25
Total stigning 100 Høydemeter

Offentlig transport

Timeekspressen

Mobildekning

Ja

Kart

Ørskogfjellet