English

Nyklen

Vanylven

Kort om turen

Turen til Nyklen er ein lett skitur, men du kjem rett inn i eit område der du får sjå kva Syvdefjella har å by på av skiterreng. Sjå også skiturane Sandfjelltua og Vikehornet, dei har same startruta som turen til Nyklen.

Ruteskildring

Turen startar ved Bruvatnet, dersom fjellvegen ikkje er åpen må du starte på parkeringsplassen i Nordalen og gå fjellvegen fram til Bruvatnet, då vert turen 12 km og 800 hm tur/retur, derifrå går du fjellvegen framover mot Kvanndalsvatnet, ca 500m før Kvanndalsvatnet tek du til høgre opp sida mot Skoravatnet. Når du kjem opp til Skoravatnet går du på sørsida av vatnet og over kanten mot Sandfjelldalen på lavaste punktet, så går du nedi Sandfjelldalen og tek til høgre og går nordover dalen, då har du Nyklen rett mot nordvest, toppen er ikkje synleg frå Sandfjelldalen, først når du nærmar deg toppen ser du sjølve topp-punktet. Pass på når du kjem oppå Nyklen, den er ganske flat oppå så det er vanskeleg å finne eit topp-punkt og mot nordaust brukar der ofte å henge ein stor skavl som det er farleg å gå utpå.

Tilkomst og parkering

Køyr fv 652 til Syvde, ta av til Nordal på nordaustsida av Syvde sentrum og køyr så langt fram i Nordalen som det går. God parkeringsplass ved Bruvatnet, dersom vegen ikkje er åpen må du parkere på parkeringsplass fremst i Nordalen, etter kvart som fjellvegen vert åpna er der mange parkeringsplassar ved vegen.
Skitur
Rød Fjell
Lengde
3,77 km en vei
Stigning
471 m
Tidsbruk
2 t. 15 min.
Sesong
Vinter, Vår
Høyeste punkt
807 moh
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Kart

På tur i Vanylven, M711 1119 II,norgeskart.no
Køyreskildring
Print ut