Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Sande

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur/retur (km)

7,2

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Voksa, Kvamsøya og Riste sett frå Nupatinden
Sandsøya sett frå Nupatinden
Nipa (Gjøna) sett frå Nupatinden
Nupatinden i vinterdrakt sett frå Storehornet

Nupatinden

Kvifor gå denne turen?

Nupatinden har flott utsikt over øyane i ytre Sande, Gurskefjorden, Hallefjorden og du ser langt til havs. Fin tur i lett terreng. Larsnes I.L. har trimpost på toppen. Sjå også turbeskrivelsen om Storehornet/Sandviktua.

Kvar i terrenget går turen?

Råsa byrjar på vestsida av vegan på høgste punktet på Drageskaret, går så vestover, først over nokre myrar, råsa går så etter ryggen utover til toppen av Storehornet, derifrå går råsa bratt nedover og går så etter høgste ryggen vestover til Nupatinden. God rås, men kan vere litt vått over myrane ved regnver.

Kulturminne

I området sør og austafor Nupatinden finn ein spor som viser at her var det drive med torvspading, der er torvmyrar og der viser restar etter torvhusmurar og der er også spor i terrenget som viser vegane mellom torvmyrane, torvhusa og løypestrengane.

Kvar startar turen?

Drageskaret på fv.61 mellom Gursken og Larsnes.

Kvar kan du parkere?

God parkering på parkeringsplass på høgste punktet på Drageskaret.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 7,2
Lengde tur/retur (km) 7,2
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 30 20
Bratteste helning ned 30 20
Total stigning 300 Høydemeter

Spesielle forhold

Nupatinden er fuglefredingsområde, så i perioda 1 mai - 31 juli er det kun lovleg å gå i råsa ut til toppen, det er ikkje lovleg å gå utanom råsa i denne perioda.

Kart

Turkart Ytre Søre Sunnmøre, M711 1119 III Vanylven, sunnmorskart.no