English

Nonshornet på Kvamsøya

Sande

Kort om turen

Nonshornet er høgste fjellet på Kvamsøya. (2 m høgare enn Inste Nonshornet) God utsikt ut mot havet, Riste, Sandsøya, Gurskøya, Vanylven og Stadtlandet. Dette er ein tur som er fin å kombinere med sykkeltur på Kvamsøya. Turen går også om Djupedalen med krigsminne.Trimpost på Nonshornet, på enden av turvegen og i Djupedalen. Sikterose på toppen.

Ruteskildring

Start ved ferjekaia og gå opp til Samvirkelaget, ta til høgre opp ein gangveg, når du kjem opp på hovedvegen kryssar du den og går til venstre opp i byggefeltet, ta til høgre i første kryss og gå beint opp til vegen som går til Myrdalen, gå til venstre og følg den til krysset mot stadion, ta til høgre og gå forbi stadion, då kjem du til turvegen, følg den heilt opp til Myrvatnet, gå så vestover over myrane til inste Nonshornet, når du kjem hit ser du ytste Nonshornet som er høgste punktet på øya. Frå inste Nonshornet til ytste Nonshornet er det 400m på stein og berg. På tilbaketuren fyljer du råsa til du kjem til eit veidele på myrane før Myrvatnet, då tek du til venstre og går nordaustover og passerar Myrvatnet på nordsida og fyljer skilt mot Djupedalen når du kjem på austenden av vatnet. I Djupedalen er der ei informasjonstavle og du finn restar etter den store eksplosjonen under 2.verdenskrig. Frå Djupedalen går du sørover og kjem inn på turvegen like før stadion. Å gå rundturen om Djupedalen er berre 400 m lenger enn å gå ned turvegen.

Tilkomst og parkering

Ferjekaia på Kvamsøya. Frå nord fv 61 til Larsnes ferjekai og parker der. Frå sør fv 5852 til Åram ferjekai og parker der. Ta ferja til Kvamsøya. frammr.no Larsnes ferjekai eller Åram ferjekai.
Fottur
Blå
Lengde
8,74 km rundtur
Stigning
376 m
Tidsbruk
3 t. 10 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Lysløype
Deler av turen
Høyeste punkt
290 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 1,4
Grus 3
Sti 4,4

Offentleg transport

frammr.no

Kart

Turkart Ytre Søre Sunnmøre, M711 1119 III, norgeskart.no
Køyreskildring
Print ut