English

Nørdsjøløypa over Kilebrekka

Vanylven

Kort om turen

Dette er ei av dei to Nordsjøløypene i Vanylven. På ei strekning av knappe 32 km får ein oppleve flott natur og velhalde kulturlandskap. Turen går gjennom bygdene Eidså, Fiskå, Sylte og Syvde og i tillegg kan ein nyte utsikten mot 2 fjordar, to dalar og 2 vatn. 

Ruteskildring

Mesteparten av turen går på lite trafikkert og asfaltert veg, noko av turen går langs meir trafikkert asfaltert veg, og noko går lang grusveg. Ynskjer ein å bruke god tid og nytte høvet til ein rast eller fleire langs vegen er det mange stader det er fint å stoppe. I Leitebakkane ca 1 km sør for Eidså er det rasteplass med panoramautsikt over Eidså og Breiteigsfjella. Ved gamleskulen fremst i Sørdalen er det bord og benkar å sitje på, og for dei som likar flott utsikt kan ein anbefale ein stopp på toppen av bakken enten på Kilebrekka eller Øverberg. Sommar og tidleg haust er det søndagsope på fjellkroa på Øverberg.

Det er brattare bakkar opp frå Syltedalen til Kilebrekka enn det er frå Sørdalen til Øverberg, og mange vil nok oppleve det som kjekkast å sykle eller gå dei bratte bakkane opp frå Syltedalen og deretter gli ned på slakare bakkar mot Sørdalen. Frå fremst i Sørdalen og heilt til Eidså kan ein sykle på lite trafikkert og asfaltert veg. I Sørdalen på fylkesvegen, og frå Syvde til Eidså kan ein sykle på «gamlevegen» som i all hovudsak ligg på den marine grensa. Frå Eidså er det nokre få hundre meter langs hovudvegen før ein kan ta av på «gamlevegen» mot Fiskå. Denne kan ein følgje heilt til Tunheim. Frå Tunheim til Sylte kjem eit parti med litt smal og trafikkert veg, før ein igjen kan nyte freden på lite trafikkert veg fram til Syltedalen.

Tilkomst og parkering

Dette er ein rundtur, dermed kan ein starte der ein vil og kome tilbake til utgangspunktet. Kjem ein med sykkelen på bil, er det grei parkering mange stader langs ruta.
Sykkeltur
Blå Landevei
Stigning
591 m
Tidsbruk
5 t. 45 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
395 moh
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 26
Grus 5

Kart

Turkart: På tur i Vanylven – kan kjøpast i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven
Køyreskildring
Print ut