Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Niven/Ring frå Klepp

Om turen

Gradering

Kommune

Volda

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur/retur (km)

4

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Utsikt vestover
Mot Folkestad
Ring - Her kan du skrive deg i boka
Utsikt mot Ørsta

Niven/Ring frå Klepp

Fotograf: RuBa

Kvifor gå denne turen?

Turen til Niven passar både som familietur og som trimtur. Ring er ein stor stein. Det blir sagt at det var eit troll som heitte Kong Ring som sette seg på steinen og at det difor er eit rumpemerke i steinen.
Frå Ring har ein vidt utsyn. Medan du et nista di, kan du følgje med på flya på Ørsta/Volda lufthamn eller nyte utsikta mot Helgehornet, Lidaveten, Hovdebygda, Ørsta, utover Ørstafjorden, og du har også godt utsyn mot Folkestad. Det er fleire benkar undervegs som du kan kvile eller raste på. Turen er lett tilgjengelig frå dei fleste delar av Volda sentrum, også utan bil.

Kvar i terrenget går turen?

Start på sti like nedanfor Kleppevegen 69. Like nedanfor eit steinbord står ein staur med skilt på. Her er også eit nytt skilt som viser retninga mot Ring. Gå i retning Skaret på ein gamal traktorveg. Følg denne rett fram, vidare over ei mark til du kjem til Kvernelva,- omlag 200-300 m. Turen går på ein ny sti oppover langs Kvernelva/Skareelva heilt opp til Ekslidhaugane. Gå langs elva heile vegen! Ved Ekslidhaugane deler stien seg. Begge fører til Ring, men sporloggen her viser stien som går rett fram langs elva. Denne stien er tørrast.

Det er sett ut fleire benkar langs stien, så det er fint å ta seg ein rast for å kvile beina eller berre for å nyte roa og freden i naturen.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Turen startar øvst på Klepp, i enden av Kleppevegen. Køyrer du, kan du parkere i enden av Kleppevegen ved stien til Kometland.

Kvar kan du parkere?

Parkering i enden av Kleppevegen

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 4
Lengde tur/retur (km) 4
Stigning meter grader
Total stigning 338 Høydemeter

Offentlig transport

Nei, men frå Volda sentrum er det greit å gå til start

Spesielle forhold

Turen Klepp-Gildrehammaren-Tverrberget-Niven-Ring-Klepp er den første merka ruta i samband med nytt nærturkart for Volda sentrum. Merking vil skje fortløpande og det skal såleis vere lett å finne turen til Niven/Ring og også forlenge den ved å gå ei merka rundløype.

Kart

Sunnmørsalpane. Nærturkart for Volda sentrum (september 2013)