English

Nivane

Ørsta

Kort om turen

Nivane ligg over Ørsta sentrum med god utsikt over Ørsta, Hovdebygda og dei kringliggande fjella. Nivane ligg på søraustkanten av eit fjellplatå som strekker seg frå Lågehornet i vest og Heidskredhornet i nord til Vardehornet i aust. Når du er på Nivane kan det vere vel verdt å ta ein rundtur innom desse toppane også.

Ruteskildring

Gå Skålavegen ca 1,35 km (ca 250m forbi gapahuken) og ta råsa som går vestover opp gjennom sida mot Nivane. Når du kjem opp til steinura dreier råsa mot nord og går i sikksakk opp til varden som står på framkanten av Nivaneplatået.

Tilkomst og parkering

Frå rundkøyringa på E39 i Ørsta sentrum køyrer du Ivar Aasengata (E39) ca 450m og tek til høgre opp Garvargata ca 250m og tek til høgre Håkonsgata ca 50m og tek til venstre opp Vikegeila og køyrer den til vegs ende (ca 700m) og parkerer ved Vikegeila Vassbehandlingsanlegg. Parkeringsplass ved Vikegeila Vassbehandlingsanlegg.
Fottur
Rød
Lengde
2,57 km en vei
Stigning
793 m
Tidsbruk
3 t. 20 min.
Sesong
Sommer, Høst
Høyeste punkt
935 moh
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 1,35
Sti 1,32

Offentleg transport

frammr.no

Kart

Sunnmørsalpane, M711 1119 II, sunnmorskart.no
Køyreskildring
Print ut