Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Ulstein

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Total lengde rundtur (km)

4,5 km

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Nissevegen

Fotograf: Annfrid Worren

Kvifor gå denne turen?

Turen passar godt for småbarnsfamiliar, og gir flott utsikt mot fjordane og øyane rundt. Ei flott rundløype, der du går gjennom skog, og på berg, og vidare på gangveg/grusveg deler av ruta tilbake til start.

Kvar i terrenget går turen?

Råsa startar ved Aursnesskogen, ca. 200 m aust for bebyggelsen på Aursneset, ved Selvågvegen. Stien går i kupert terreng opp mot ryggen som går på nedsida av Selvågvatnet, vidare opp ein bratt fjellskrent, som fører deg til det høgste punktet på turen, Flatbergsheida. Vidare går du nedover sti på nakne fjell, og noko skog til du møter ei elv. Her tek ein til høgre, og følgjer elva nedover, til du kjem til Britahaugen byggefelt. Herifrå følgjer du vegen til hovudvegen, over gangbrua og tilbake til Aursnesskogen på gangveg/grusveg.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Frå Volda/Ørsta: Køyr E39 til rundkøyringa i Furene, ta av mot Ulsteinvik og køyr gjennom Eiksundtunnellen (RV653). Like før Selvågtunnellen tek du av til venstre, og køyrer forbi bebyggelsen i Selvågen. Nokre hundre meter før du kjem til Aursneset, finn du råsa opp mot Nissevegen frå Aursnesskogen. Her er plass til nokre få bilar.
Frå Hareid/Ulsteinvik/Herøy-området: Køyr mot Volda/Ørsta (RV653) og ta av til høgre mot Selvåg rett etter Selvågtunnellen.

Kvar kan du parkere?

Det er plass til nokre få bilar ved starten på råsa. EIn kan også parkere ved Aursneset i svingen litt før råsa startar (mot Selvågen), eller ved Selvågtunellen.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,8
Fast grus 1,3
God sti 2,4
Total lengde rundtur (km) 4,5 km
Stigning meter grader
Total stigning 170 Høydemeter

Offentlig transport

http://www.frammr.no