English

Nihusen

Ålesund

Kort om turen

Ver obs. på glatte part når du tek turen som vintertur. Flott variert tur som startar i Skodje sentrum. Og som namnet peikar på så ser ein ni hus - eller ni prestgjeld frå toppen. Det er med andre ord vidt og flott utsyn frå toppen.

Ruteskildring

Ein kan parkere ved Gomerhuset eller parkeringsplassen på oppsida av rådhuset. Det er to alternative ruter opp og ned. GPS-sporet viser opp stien frå vegen Niusvegen - medan returen går ned ein skogsveg litt lenger vest. Vel ein stien opp frå Niusvegen er dette ein god sti, men litt bratt i skogen i starten. Stien møter skogsvegen som ein følgjer eit lite stykke før det blir sti igjen opp mot toppen. Her er det steinete og kan vere utfordrande og glatt om vinteren.

Tilkomst og parkering

Start ved parkeringsplassen på Rådhuset om du går stien opp frå Niusvegen. Altarnativ parkering ved Gomerhuset om ein vel å ta det som ein rundtur. Parkeringsplassen ved Rådhuset eller på oppsida av Gomerhuset.
Fottur
Blå
Lengde
2,35 km en vei
Stigning
404 m
Tidsbruk
4 t. 0 min
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
439 moh
Merking
Merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 1
Sti 1,45

Kart

Turkart Ålesund
Køyreskildring
Print ut