English

Nibben

Ulstein

Kort om turen

Turen frå Bugarden til Nibben er eit av dei mest brukte turområda i Ulsteinvik, og går på grusa turveg/skogsveg heilt til toppen. Turen brukast av folk i alle aldrar, inkludert småbarnsfamiliar, eldre og også skular og barnehagar. Turen er også tilgjengeleg frå Skeide. Ved starten av ruta ligg friluftsområdet Bugardsmyrane, der det er tilrettelagt med bålpanner, gapahuk, og lyssetting på deler av vegen. Tufteparken Ulstein ligg også her. Deler av turen går gjennom ein tett granskog, og når ein kjem ut av granskogen har ein fin utsikt til Skeide og utover mot øyar og holmar i sør.

Ruteskildring

Første del av turen går på grusa turveg gjennom det idylliske friluftsområde ved Bugardsmyrane, og er tilærma universelt utforma. Vidare tek ein av til høgre oppover mot Nibben på ein skogsveg/traktorveg, som går sikk sakk gjennom ein tett granskog, og vidare utover til Nibben. Flott utsikt frå toppen.

Tilkomst og parkering

Turen startar ved Bugardsmyrane i Ulsteinvik. Frå Hareid fv 61 mot Ulsteinvik, ta til høgre inn på Øvrevegen (skilta til Sunnmøre Folkehøgskule) og følg øvrevegen heilt til Bugarden. Frå Ørsta/Volda ta Eiksundsambandet mot Ulsteinvik sentrum. Følg Sjøgata, og ta så til høgre etter andre rundkøyring før Rådhuset, så til venstre på Kyrkjegata og opp Kyrkjebakken til høgre. Ta så til høgre i Gjerdegata, og følg Skulevegen og deretter Bakkegata og Vikebakkvegen fram til Bugarden. To parkeringsmuleg
Fottur
Grønn
Lengde
1,8 km en vei
Stigning
130 m
Tidsbruk
1 t. 10 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
168 moh

Løype på kart

Offentleg transport

Buss frå Volda/Ørsta/Fosnavåg mot Ulsteinvik. Buss frå Hareid til Ulsteinvik. Sjå http://www.frammr.no
Køyreskildring
Print ut