Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Gjemnes

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde tur/retur (km)

5,64

Lengde en vei (km)

2,82

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Nesahamran

Fotograf: Guri Leirdal Hoem

Kvifor gå denne turen?

Lettgått tur som tek deg opp til flott utsikt over Angvika og Tingvollfjorden. 

Kvar i terrenget går turen?

Turen startar ved FV666, om lag 200 meter frå butikken i Angvika, i retning Eidsvåg. Her tek det av ein skogsveg, som du følgjer opp gjennom lia i vel 1,6 km, til du kjem til ein lunningsplass. Herifrå følgjer du merking inn på ein smalare skogsveg i om lag 1 km, før den siste delen av turen går på sti. 

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Turen startar like ved butikken i Angvika (krysset mellom FV665 og FV666). Hit kjem du lettast med bil.

Kvar endar turen?

Målet for turen ligg oppe på det høgste punktet på hammaren, med god utsikt ned til bygda og fjorden.

Kvar kan du parkere?

Det er plass til nokre få bilar der skogsvegen tek av frå FV666. Elles er det fullt muleg å parkere ved Bunnpris-butikken, derifrå er det om lag 200 meter bort dit turen startar.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Fast grus 1,62
Traktorveg 1
God sti 0,2
Lengde tur/retur (km) 5,64
Lengde en vei (km) 2,82
Stigning meter grader
Total stigning 220 Høydemeter

Mobildekning

Ja.

Kart

Norge-serien, Kristiansund