English

Nedre Vassdalsvatnet

Fjord

Kort om turen

Turen, som startar ved Herdalsvatnet, gir raskt fin utsikt over fjord og fjell i fleire retningar. I Vassdalane ligg Vassdalsvatna som byr på fin fjellaure om du har med det rette utstyret. Her kan du også nyte eit uforstyrra kaldt bad, og du kan halde fram turen til fleire fine turmål herifra.Her er sol til langt på kveld både vår, sommar og haust. Fin familietur, med born frå 5-6års alderen. 

Ruteskildring

Turen startar litt før ein når osen på Herdalsvatnet, parker ved nausta og gå vegen tilbake til du ser skilt og bru over elva. Gå over brua og vidare langsetter elva til du når vatnet. Ved vatnet er det skilta opp til venstre, nordover til Vassdalane. Ei kort og bratt oppstigning på til tider svært våt og glatt rås (NB! Ver varsam!) fører opp til eit flatare område med god utsikt over fjorden og fjella. Herifrå går god rås vidare opp til eit skar/ein liten dal. Ovanfor skoggrensa kan du følgje same veg som til Kallskaregga eit stykke før du tek av bortover til Vassdalane. Råsa er merkt, men ein bør følgje med i terrenget. Ein føl elva det siste stykket opp til det Nedre Vassdalsvatnet.

NB! Turposten ligg 1000 moh. og det kan difor ligge snø her lenge utover våren.

Turen som er skildra her er ein tur-retur-tur til Vassdalane. Fine turar med same oppstigning er Solegga og Kallskaregga. Dersom du vil gå lenger er Tolleknivsegga også eit alternativ. Frå denne toppen kan du halde fram nordover mot Kyrkjefjellet og eventuelt ende opp ved fjorden ved Kvernhusneset, tvers overfor Fjørå/Vika. Overgangstur skildra i boka Opptur Geirangerfjorden. Tolleknivsegga er ei ganske luftig egg, så for dei som ønskjer det, kan toppen også nåast frå nordsida utan å gå over det luftigaste partiet.

 

Tilkomst og parkering

Fremst i bygda Norddal, etter om lag 2,5 km, er vegen skilta til Herdalen, følg denne vegen. Ved grinda betaler ein bompengar, om ein ikkje vil gå også dei 7-8 km fram mot Herdalsvatnet. Parkering ved nordre osen av Herdalsvatnet. Ved nausta i nordenden av Herdalsvatnet er det fleire parkeringsplassar.
Fottur
Blå
Lengde
2,93 km en vei
Stigning
545 m
Tidsbruk
2 t. 50 min.
Sesong
Sommer, Høst
Høyeste punkt
1012 moh
Merking
Både skiltet og merket
ß
Mobildekning
Nei

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 2,5

Offentleg transport

Det er mogleg å ta buss til Norddal både nordfrå og sørfrå om sommaren, men dei går ikkje så ofte. Sjekk http://www.frammr.no/. Det finst ikkje offentleg transport til parkeringsplassen ved Herdalsosen, men det er mogleg å gå frå fjorden i Norddal på asfaltert ved 2,5 km, deretter på grusveg i ca.5 km til Herdalsosen (om lag 500 høgdemeter).

Anna

Det er bomveg frå Norddal til Herdalsosen, om lag 50 kr. (2017). Området er mykje nytta til jakt i hausthalvåret, så turgåarar må vere merksam på dette.

Kart

Tafjord Blad 1319 III, Turkart Norddal kommune, Turen er skildra i Opptur Geirangerfjorden rute 3-22.

Lenke til turskildring

De finn mykje informasjon om natur- og kulturverdiar i området på http://kart.naturbase.no

Betalingsmiddel for bomvei

kontant betaling
Køyreskildring
Print ut