Kvifor gå denne turen?
Eresfjord. Tur opp skogslia frå Nauste til den gamle seterstølen, Naustesetra. Fjelltrimkassa er montert på ei stor tolle ca 150 meter før du kjem til stølen.
Kvar i terrenget går turen?
Turen går i skog med berg og sva. Etter regn kan det vere ganske vått og sleipt spesielt på berga.
Gå gjerne 150 meter lenger enn Fjelltrimkassa, så kjem du til stølsområdet for Naustesetra. I dag er det berre ei hytte på stølen som står att.
Kvar startar turen?
Kjør fylkessvegen ned mot Nauste. Parker ved den gamle saga i Naustegarden. Følg traktorveg rett opp til Svabekken og ta til venstre forbi gapahuken og badestampen. Etter eit par hundre meter kjem du til ei hytte (den gamale badstua på Nauste).
Her tar du stien rett opp til høgre og følgjer den.
Kvar endar turen?
Frå Naustesetra er det fin tur vidare opp på fjellet utover mot Vasssetra. Ja, du kan også fortsette å gå heilt ut til Sølottsetra.
Rute på kart
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Traktorveg | 0,5 |
God sti | 2,0 |
Lengde tur/retur (km) | 2,5 |
Stigning | meter | grader |
---|---|---|
Bratteste helning opp | 14 | 10 |
Bratteste helning ned | 14 | 10 |
Total stigning | 320 | Høydemeter |
Kart
M711, 1320 II Eresfjord