English

Nakken - Vardfjellet

Molde

Kort om turen

Eresfjord. Fin og enkel tur langs skogsveg og sti. Du kan gå første del til utkikkspunktet Nakken (520 moh) Eller du du kan fortsette til Vardfjellet ( 831 moh) Frå Nakken har du ei fenomenal utsikt både nordover ut Langfjorden og ned mot Eresfjord.. Du ser rett ned i småbåthamna i Paulen i Eresfjord.Ein av dei mest populære tur/trim-postene som finst i Eresfjord. Om du vil kan du også fortsette frå Vardfjellet austover mot Nordmørsskaret og ned i Kanndalen.

Ruteskildring

Nakken: Følg skogsvegen. Når du kjem under kraftlinja på skogsvegen er det eit tydeleg tråkk ut til høgre. Ta av her og inn på god sti opp bjørkaskogen. Du kjem inn på ein anna skogsveg lenger oppe. Etter eit kort stykkje er du på utsiktspunktet Nakken.

Vardfjellet:Du kan fortsette frå Nakken og opp til Vardfjellet. Følg stien/skogsvegen vidare oppover. Ved neste skilt går du rett fram. Du kan også ta til høgre her, men da er stien vesentleg blautare. Skiltet viser den tørraste stien og er berre knapt 100 meter lenger. Sti og merkepålar fører deg over myrområda i retning skogsryggen. No er du inne på godt opptreakka sti igjen som du følgjer heilt til topps på Vardfjellet.

Tilkomst og parkering

Frå fylkesvegen på austssida av Eresfjord tar du av kommunevegen mot Grandsetra. Du følgjer vegen heilt fram til bommen ved Grandsetra. Parker her.
Fottur
Blå
Stigning
557 m
Tidsbruk
2 t. 40 min.
Sesong
Sommer, Høst
Høyeste punkt
819 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 3

Kart

M711 1320 II Eresfjord
Køyreskildring
Print ut