English

Myrkevasstinden – rute 49 C – frå Kvanndalen til Myrkevasstinden

Vanylven

Kort om turen

Viss målet er å kome opp på det nest høgste fjellet i Vanylven på ein rask og enkel måte er dette rett tur. Om lag heile turen frå Kvanndalen til Myrkevasstinden går lang rygg og egg, og dermed har ein god utsikt heile tida. Rygg og egg fører og til at det er tørt og godt underlag heile vegen opp til Myrkevasstinden sjølv i våte perioder. 

Ruteskildring

Det er skilta ved startpunktet på turen, og også i stikrysset på toppen av første motbakke. Heile ruta er merka. Sett frå startpunktet ved demninga i Kvanndalen kan delar av turruta sjå litt «nifs» ut, men stien ligg fint plassert i terrenget langs rygg og egg, og er ikkje vanskeleg å gå. Utsikta vert vidare og betre dess høgre opp ein kjem, og på toppen ser ein havet i vest, Sunnmørsalpane i nordaust og store delar av fjellheimen i Nordfjord i sør og søraust. Myrkevasstinden er og eit godt utgangspunkt for tur vidare til Blæja (1142) eller Sandfjelltua (1002). Starten på turen er 530 m.o.h., og det betyr at ein er over tregrensa. Ein slepp dermed unna alt av kratt og anna av irriterande vegetasjon. På nokre kart blir toppen kalla Blæjeskardtinden. Like før ein kjem opp til toppen kan ein ta ein avstikkar mot aust og nyte utsikten frå Kvanndalstinden som er det austre punktet på dette fjellområdet.

Tilkomst og parkering

For å kome til startpunktet i Kvanndalen køyrer ein frå Syvde til Nordalen. Det står skilt mot Nordal 300 meter nordvest for kyrkja i Syvde. Køyr Nordalen heilt til endes. Deretter køyrer ein fjellvegen som startar i enden av dalen heilt til vegen stoppar ved kraftverksdemninga i Kvanndalen. Det er god plass til parkering ved demninga i Kvanndalen. Ingen bompengar på fjellvegen.

Fottur
Blå
Lengde
3,10 km en vei
Stigning
619 m
Tidsbruk
3 t. 10 min.
Sesong
Sommer, Høst
Høyeste punkt
1132 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 6

Kart

Turkart: På tur i Vanylven – kan kjøpast i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven
Køyreskildring
Print ut