English

Muldal

Fjord

Kort om turen

Vegen til Muldal slyngjer seg i 13 svingar oppetter den bratte lia frå fjorden – gjennom naturreservat, landskapsvernområde og gammalt kulturlandskap. Vegen vart bygt på slutten av 1800-talet og du kan legge merke til dei fine natursteinsmurane. Muldal er utgangspunkt for turar i Tafjordfjella og ein innfallsport til Reinheimen nasjonalpark.

Ruteskildring

Frå parkeringsplassen går du ca. 100 meter vidare langs hovudvegen før du kjem til starten av vegen opp til Muldalen. Turruta følger her grusveg/sti opp til Muldalen. Det er ingen vegdele, så det er lett å finne fram. Vegen opp til Muldalen slynger seg i 13 svingar vel 2 km oppover i lia, med ei jamn og fin stigning opp til 350 moh. Underlaget er grus, og turvegen er stort sett god og brei for gåande.

Det er kasse med trimpost ved brua. Der er det også rasteplass med benkar. Eigarane ber turgåarane respektere at gardstuna er privat område.

Vegen går gjennom Muldalslia naturreservat, verna i 2003 for å ta vare på varmekjær lauvskog.

Alle svingane har namn. Himmelfartsvingen har fått namnet sitt av ein hest som skal ha hatt så stor fart her at han for utfor vegen og blei skada sopass mykje at han måtte slaktast. I Stuggesvingen rasa det stundom stein, så der var det om å gjere å kome seg raskast muleg forbi. På Labbekvile tok ein raggar utanpå skoa i periodar med mykje is, for å få betre feste når ein gjekk oppover.

Rekne om lag ein times gange med jamn gange og nokre pausar. Dei raskaste spring opp på 15 minutt.

Tilkomst og parkering

Frå Valldal sentrum køyrer du austover gjennom Fjøråtunnelen og vidare innover langs fjorden. Følg skilting til Tafjord. Etter Fjørå går vegen gjennom fire rasoverbygg og inn i Heggurtunnelen (5 km). Parkeringsplassen ligg på oppsida av vegen (til venstre) rett etter tunellen, i Sørdalsvika/Muldalsvika. Turen startar ved hovudvegen, ca 100 meter frå parkeringsplassen.
Fottur
Blå
Lengde
2,2 km en vei
Stigning
346 m
Tidsbruk
1 t. 50 min.
Sesong
Høst
Høyeste punkt
351 moh
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Offentleg transport

Nei

Anna

Fin tur i gammalt kulturlandskap og landskapsvernområde. Muldal ligg 350 moh. og er ein gammal gard, truleg frå 1600-talet. Her ligg to gardsbruk med store våningshus og løer som er plassert fram på kanten til den hengande dalen. Gardane har bøar og teigar framover langs elva. Muldal vart fråflytta i 1955, men husa blir i dag nytta som fritidsbustadar. Eigarane ber turgåarane respektere at dette er private område. Folk er velkomne til å bruke rasteplassen før brua over elva. Muldalsfossen er den største fossen på Sunnmøre med eit fritt fall på om lag 190 meter. Men på grunn av vasskraftutbygging på slutten av 1950-talet og framover har vassmengda i fossen minka mykje. Fossen er regulert. For å sjå fossen i skikkeleg panorama må ein krysse elva på brua og følgje turvegen som går mellom husa og ned langs ein sti på andre sida av fossen. Gå på stien og ikkje inn på dei private områda rundt husa. Eit stykke nede i liakjem du fram til eit utsiktspunkt med rekkverk som også vart etablert rundt 1890. Fossen heitte opprinneleg Keisar Wilhelms Foss. Frå Muldal har ein eit godt utgangspunkt for vidare ferdsel innover i fjellet på merka råser. Ein del av dei er DNT-ruter. Om lag 2,5 km vidare framover dalen finn ein Tafjordsætra og Muldalsætra. Litt framom setrane kjem ein inn i Reinheimen nasjonalpark. Det er og muleg å følgje merka sti til utsiktspunktet Nausen, litt framanfor og ovanfor Muldalsgardane. Tidlegare gjekk Jordmormarsjen frå Eidsdal og over fjella til Tafjord og Muldal, til minne om jordmor Jensine si strevsame ferd til ei fødande kvinne i Muldal i 1886. Sjølve fjorden og landskapet på andre sida av fjorden tilhøyrer verdsarvområdet Geirangerfjorden verdsarv. Sluttstad for turen er ein rasteplass der ein kan nyte utsikten over vakre fjell.

Kart

Turkart for Norddal 1:50 000, Tafjordfjella 1:50 000

Lenke til turskildring

Informasjon om Muldal
Køyreskildring
Print ut