Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Stordal

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Gradering for rullestolbrukarar

Grønn

Lengde tur/retur (km)

1,7

Lengde en vei (km)

0,85

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Badeplassen ved småbåthamna i Stordal.
Stordal sentrum med småbåthamna og badeplassen.

Moloen

Fotograf: Asle Olsen/ Hallgeir Hove

Kvifor gå denne turen?

Ein lett og fin tur på asfalt og grus i sentrum av Stordal, tilgjengeleg for alle. Flott utsyn over fjorden og fjella samt bygda elles. Ved sjøen mot Stordalselva er det tilrettelagt badeplass. På moloen er det lagt til rette for fisking.

Kvar i terrenget går turen?

Du går forbi bank, frivilligsentral, bygg med næringsverksemd og Stordal camping før du tar til høgre der du passerer Stordal småbåthamn med gjestebrygge og den flotte naustrekka. Forbi alle nausta kjem du til badeplass på venstre side og småbåthamna på høgre side. Fortsett vidare på moloen. Turkasse finn du i enden av moloen.
Alternativt kan du gå Strandgata som er paralellgata nærmare sjøen.

Tilgjengeleg med rullestol

Ja

Beskriving av tilgjengelegheit for rullestolbrukarar

Underlaget er asfalt og grus.

Kvar startar turen?

Start i sentrum ved Coop Marked Stordal. Gå vidare mot sør i Sandvikgata.

Kvar endar turen?

Enden av moloen.

Kvar kan du parkere?

Parkering ved allmenningen/kaia i Stordal sentrum på oppmerka plasser.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,67
Fast grus 0,18
Lengde tur/retur (km) 1,7
Lengde en vei (km) 0,85
Stigning meter grader
Total stigning 0 Høydemeter

Offentlig transport

Bussrute mellom Ålesund og Valldal, sjå http://www.frammr.no

Mobildekning

Ja