English

Molnesfjellet

Giske

Kort om turen

Turen byr på nærkontakt med elementa, og på toppen får ein utsikt langt ut i havet, samt innover i Sunnmørsalpane. Turen kan fint kombinerast med ein fjøretur, men om ein velger å gå mot Molnes, så er det bratt og tidvis sleipt underlag i nedstiginga.Området bak fjellet er naturreservat, med mange sjeldne planteartar, ved inngangen til naturreservatet er det informasjonstavle om desse. I beitesesongen går det også beitedyr bak fjellet, og ein må hugse å lukke grinda etter seg.

Ruteskildring

Turen startar ved Rota stadion på Roald. Ein følger ein gruslagt veg ca 200 meter før ein tar til venstre på sti ned mot sjøen til ein når ein traktorveg, som ein følger langs bustadområdet. På flata tar ein til høgre over eit jordet og går ei lita bratte opp til Ranskarrema, der ein tar til venstre ved grinda. Ein tar så følge med stien opp over Grønefjellet, på toppen er det eit signallys. Ein følger stien ned i ei dump, før ein tar fatt på siste stigning mot Storhornet der det er ei postkasse med bok. Det finst fleire stader å slå av ein rast for å nyte panoramautsikta. Gjer merksam på at store delar av stien er våt og gjørmete, så gode tursko eller støvlar er høgst tilrådeleg.Det fins mange alternative ruter som kan nyttast, men ein gjer merksam på at fjøra er eit naturreservat, og at ein difor viser omsyn om ein legg turen dit.

Tilkomst og parkering

Rota stadion ligg på Roald, lengst nord på øya Vigra. Med bil; følg skilting mot Roald, køyr så til moloen, ta til venstre og Rota stadion kjem til syne etter ca 200 m, ingen parkeringsavgifter. Rota stadion, Roald
Fottur
Grønn
Lengde
2,2 km en vei
Stigning
0 m
Tidsbruk
1 t. 10 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 2,5

Offentleg transport

Det går buss til Roald, og frå Roald til Rota er det ca 5 min å gå. Buss går ca kvar time på kvardagar (18 ruter t/r), litt sjeldnare i helgene. http://www.frammr.no/
Køyreskildring
Print ut