English

Møllsvatnet

Stranda

Kort om turen

Møllsvatnet ligg i Gråsteindalen. Det er ein fin tur i lett stigande terreng opp til det idylliske vatnet. Ruta passerer forbi ulike kulturminner i form av gamle setermurar. Turen er familievennleg og oppe ved vatnet er det fint å både raste og ta seg eit bad.

Hugs på at estimert tidsbruk kan variere frå person til person. 

Ruteskildring

Turen startar ved parkeringsplassen på Korsmyra, det høgste punktet på vegstrekninga Eidsdal-Geiranger. Frå Korsmyra fylgjer ein traktorvegen på venstresida av elva innover Gråsteindalen. Etter 2 km på traktorveg i lett stigning krysser ein elva ved hjelp av ei bru. På andre sida av elva går råsa vidare oppover i litt brattare terreng i 500 m før ein kjem opp til vatnet. Postkassa står like ved vatnet, men ein må gå over steindemninga som ligg over den vesle grova. På kartet er det teikna ei alternativ rute tilbake til Korsmyra. Ruta går på andre sida av elva, er merka, går i slak nedoverbakke og ein møter igjen traktorvegen lenger nede etter ei brupassering.

Tilkomst og parkering

Korsmyra. 620 moh. 9km frå Geiranger sentrum og 16km frå Eidsdal sentrum. god plass til parkering. Korsmyra. Ingen avgift.
Fottur
Blå
Lengde
2,5 km en vei
Stigning
270 m
Tidsbruk
3 t. 10 min.
Høyeste punkt
860 moh

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 1

Offentleg transport

Buss to gongar per dag. http://www.fram.no

Kart

Tafjordfjella 2533 og Turkart Stranda Kommune
Køyreskildring
Print ut