Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Midtvatnet frå Bakke

Om turen

Gradering

Kommune

Gjemnes

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde tur/retur (km)

5,8

Lengde en vei (km)

2,9

Skriv ut Kjørebeskrivelse
Bakkdalen. Foto: Arild Nordengen

Midtvatnet frå Bakke

Fotograf: Arild Nordengen

Kvifor gå denne turen?

Turen går i naturskjønne omgivnadar oppover langs Dønnemselva, forbi Bakkvatnet. Det er god veg heilt opp, og til rette årstida kan du plukke markjordbær. 

Kvar i terrenget går turen?

Turen startar ved informasjonstavla på Bakke. Herifrå følgjer du traktorvegen langs Dønnemselva opp Bakkdalen til Bakkvatnet. Her er det fint å raste inst ved vatnet før du fortsett turen opp til Midtvatnet. På veg ned att, er det flott utsikt ut over fjorden mot Gjemnes, Bergsøya og Frei.

Kulturminne

Tufter.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Frå Batnfjordsøra følgjer du FV666 i retning Angvik. Etter 7,2 km kjem du til ei avkøyring på høgre hand, kor det står eit informasjonsskilt. Her startar turen.

Kjem du frå Torvikbukt, køyrer du FV666 i retning Batnfjord i 4,4 km fram til informasjonsskiltet på Bakke.

Kvar endar turen?

Ved Midtvatnet finn du turkasse på venstre hand når du kjem opp bakken.

Kvar kan du parkere?

Parkering ved informasjonstavla på Bakke. Vis omsyn når du parkerer.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Traktorveg 2,9
Lengde tur/retur (km) 5,8
Lengde en vei (km) 2,9

Mobildekning

Varierande.

Kart

Norge-serien, Kristiansund.