Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Midtremma/Rognemyrane

Om turen

Gradering

Kommune

Haram

Type tur

Fottur
Sykkeltur

Gradering

X Grønn

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Total lengde rundtur (km)

4 km

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Midtremma/Rognemyrane

Fotograf: Kyrre Rogne

Kvifor gå denne turen?

Dette er ein lett og fin tur, spesielt for barnefamiliar. Vegen er lett framkomeleg, og du kan stoppe og raste ved fleire gapahukar og bålplassar langs ruta. Turen er fin heile året, og du kan både gå og sykle. Her går det også an å ta seg fram med barnevogn, dersom vogna har gode hjul.

Kvar i terrenget går turen?

Når ein starter ved gravplassen på Longva så kan ein gå begge vegar. Men om ein vil gå ein enkel tur, kan ein gå innover traktorenvegen nedom gravplassen. Eit stykke innover der treff ein på Midt-Remma gapahuken og der er heng Stikk-UT-postkassa inne i gapahuken. For å gå rundturen fortsetter ein forbi gapahuken til ein kjem til hovudvegen. Da tek ein til venstre opp mot Framtun. Når ein kjem opp til krysset ovenfor Framtun skal ein krysse vegen og følge råsa opp til fjellfoten. Der tek ein til venstre inni skogen og følger råsa/traktorvegen. Etter kvart treff ein på ei ny postkasse, ein har da komt til Djupedalen. Der fortsett ein rett fram, ein treff også på ein ny gapahuk inne i skogen. For å komme tilbake til start fortsetter du vegen til du ser gravplassen nede ved hovudvegen.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

For å komme til Flemsøy/Skuløy må ein ta ferje eller hurtigbåt til Haramsøy. Frå kaia på Austnes er det ca 14 km til Rogne. Tar du hurtigbåt kan du ta med sykkel, eller så går det nokre få rutebussar,
I første krysset på Austnes skal du ta til høgre, og følge vegen over Ullabrua. Ta til høgre på fv. 150 mot Longva, og når vegen deler seg tar du til venstre mot Rogne. Følg vegen til du møter parkeringsplassen til gravstaden.

Kvar endar turen?

Dette er ei rundløype

Kvar kan du parkere?

Du kan parkere ved Framtun eller ved gravplassen på Rogne. Her er tatt utgangspunkt frå gravplassen på Rogne.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Total lengde rundtur (km) 4 km

Offentlig transport

For å komme til Flemsøy/Skuløy må ein ta ferje eller hurtigbåt til Haramsøy. Det går nokre bussar, men ver obs på sommarruter. Det er best å køyre bil eller sykle, men det er ganske langt å sykle frå fergekaia på Austnes.
Ferjeruter: http://www.tide.no
Buss: http://www.frammr.no

Mobildekning

Bra

Kart

Norge-serien 10076 Ålesund