Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Melssætra frå Krøvelseidet

Om turen

Gradering

Kommune

Ørsta

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Lengde tur/retur (km)

3,2

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Turen startar her
Du passerer denne hytta etter eit par hundre meter
Ruta er godt merka
Melssætra
Skogsvegen ned att etter at du har gått runda gjennom skogen
Flott og fritt utsyn

Melssætra frå Krøvelseidet

Fotograf: RuBa

Kvifor gå denne turen?

Dette er ein lett tur gjennom skogen frå Krøvelseidet. Det er tatt ned mykje skog rundet Melssætra, så det er flott utsikt mot m.a. Åmdalen, Follestaddalen og Vatnevatnet. Denne ruta har ein liten rundtur rundt kollen bak Melssætra for så å returnere til der turen starta.

Kvar i terrenget går turen?

Start ved parkeringsplassen på grensa mellom Volda og Ørsta. Det er her mange parkerer vinterstid når dei skal på ski i Rotevassdalen eller til Melshornet. Like aust for skilta Krøveseidet/Vikebygdvegen går det ein sti oppover skogen.Etter ca. 200 m passerer du på vestsida av ei hytte. Følg stien vidare oppover til du møter ein skogsveg, litt under 1 km frå der du starta. NB, du skal ikkje ta av til Søsterhytta undervegs (N62° 09.588' E6° 10.762').
Når du kjem opp til vegen, tek du til venstre og følger vegen ca 100 m før du tek av på sti på høgre side inn gjennom skogen og vidare til Melssætra. Det er raude merke som heng i trea eller stokkar med raud topp-ende. Stien er til dels utydeleg/fråværande, men merkinga viser veg.
Etter Melssætra følger du merka sti oppover. Sti er merka mot Melshornet, men ved ei myr (N62° 10.028' E6° 10.937') tek du av frå Melshornruta. Ta til venstre og følg merking gjennom skog og blåbærlyng. Du kjem etterkvart til ei hytte og ein skogsveg. Følg skogsvegen ned til der du kom opp i stad og stien vidare ned til der du starta turen.
Nokre område er myrlendte, så det er lurt med sko som tåler væte.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Frå Volda: Frå sentrum, køyr E39 retning mot Stryn til du kjem til ei rundkøyring. Ta av mot Vikebygda på Vikebygdvegen (FV 45). Følg denne til du kjem til Helgtaun og ein stor parkeringsplass på nedsida av vegen, omlag 6 km. Her startar turen

Kvar kan du parkere?

Stor parkeringsplass ved start

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Traktorveg 0,5
God sti 1,2
Dårlig sti 1,5
Lengde tur/retur (km) 3,2
Stigning meter grader
Total stigning 160 Høydemeter

Offentlig transport

Nei

Kart

Sunnmørsalpane