English

Melshornet - frå Håmyra på stiar

Volda

Kort om turen

Melshornet har flott utsikt og er eit populært og lett tilgengeleg turmål både sommar og vinter. Det er mange ruter til topps. Ruta som er skildra her viser moglegheitene du har til å gå meir på sti enn når du går vegen til Dinglavatnet.

Ruteskildring

Start i Håmyra, der den nye vegen stoppar. Følg skilt til Prestesætra, og etterkvart skilt til Vardehornet.

Du kryssar Håmyrelva om lag 50 m etter start. Vidare går stien på høgre side av elva/elvegjølet heilt opp til ein litt tilgrodd skogsveg. Ta til høgre her (sjå skilt). Følg skogsvegen knapt 100 m til du ser nytt skilt til Vardehornet på venstre side av vegen. Følg dette. Stien går først i eit hogstfelt, så inn i skogen. Inne i skogen er det eit eldre skilt som peikar til  Røyshytta. Følg dette. Du går gjennom eit hogstfelt. Stien har blitt rydda etter hogsten og her er heilt greit å gå. Like før Røyshytta svingar du ned til høgre (følg merking) og ned på grusvegen. Då slepp du unna våte område nær hytta. Følg grusvegen oppover til Dinglavatnet. Gå heilt opp til demninga og vidare på sti som går på nordsida av vatnet og til ei ny demning på nordsida. Gå over demninga og deretter på sti til topps. Denne stien går etterkvart opp ei litt bratt renne. Dei som kjem frå Ørstasida nyttar ofte denne, også kalla "Kjempevegen". Frå toppen kan du gå "normalruta" ned att: sti til Dinglavatnet og vegen ned att til start.

Tilkomst og parkering

Køyr frå Volda sentrum mot Vikebygda. Etter rundkøyringa ved høgskulen, tek du opp første veg til venstre, Heltnevegen, vidare Raudemyrvegen til du kjem til eit nytt byggefelt (Håmyra). Der vegen til Dinglavatnet startar, er det P-plass. 

Fottur
Rød
Lengde
9,17 km rundtur
Stigning
668 m
Tidsbruk
3 t 30 min
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
806 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 3,5
Sti 5,6

Offentleg transport

Det går greit å kome seg til start utan bil sidan start ligg like ovanfor øvste beyggelsen i Volda sentrum. Går du opp Fjellvegen, kjem du til start i enden av denne.

Anna

Ved Røyshytta var det ein hoppbakke. Ved hytta finn du ein minnestein over dei falne i bakken.

Kart

Nærturkart Volda. Sunnmørsalpane. norgeskart.no
Køyreskildring
Print ut