English

Melshornet fra Ulset

Hareid

Kort om turen

På toppen har du ei vid og flott utsikt i alle retningar. Mot vest Ulstein og øyane i Herøy, mot nord Breisundet og Nordøyane, mot aust inn Storfjorden mot Ørskog og mot sør Vartdalsfjella og Sunnmørsalpane. Ei flott sikteskive viser namna på dei fleste fjelltoppane.

Ruteskildring

På høgda av Ulsetleitet er ein mindre parkeringsplass med eit skilt som viser råsa mot Melshornet. Her står også ei info-tavle med kart og luftfoto av turområdet og beskrivelse av turen. Første del av turen går på skogsveg, deretter på god sti med nokre våtare parti innimellom. Frå ryggen og til toppen er stien tørr og fin. Siste stigninga går ein på stein/ur.

Tilkomst og parkering

Frå Hareid fergekai, ta av mot Hjørungavåg. Kjør omtrent 8km til Ulsetvegen. Parkering på høgda av Ulsetleitet, med plass til 4-5 bilar. Grunna gardsdrift i området er det viktig å unngå parkering langs vegen.

Fottur
Blå
Lengde
3,59 km en vei
Stigning
563 m
Tidsbruk
1 t. 45 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
668 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Køyreskildring
Print ut