Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Norddal

Type tur

Fottur

Gradering

XXX Rød

Lengde tur/retur (km)

13,6 t.r.

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Mefjellet
Nysetra med utsikt ned på Norddalsfjorden.
Løypeprofil, foto www.mefjelletopp.no
To barske karar som er ferdige med Mefjellet Opp 2014.

Mefjellet

Kvifor gå denne turen?

Mefjellet Opp er eit motbakkeløp som går frå Fjørå til Mefjellet. På Mefjellet har du flott utsikt over Norddalsfjorden, Valldalen og alle fjella rundt. Der er klasser både for konkurranse og mosjonistar. Turen kan også gjerast ein dag der ikkje er konkurranse, då får du ein fin tur på gamle vegar som går opp gjennom skogen, vidare på vegen opp til Nysetra og etter rås opp til toppen. Du kan også køyre opp til Hauge og gå turen derifrå, då vert turen berre ca 8 km t.r. og ca 700 hm.

Kvar i terrenget går turen?

Ver merksam på at det kan ligge snø på denne turen til langt ut i juni. Turen startar ved Fjørå kai og du går vegen mot Selboskar og Hauge, etter ca 600m (etter ein høgresving) går løypa inn på gamlevegen og du går den ca 200m, du kjem då inn på bilvegen igjen og tek til venstre og går den ca 450m (forbi ein skarp venstresving) der du tek til høgre opp gamlevegen og går den ca 550m opp til bilvegen og kryssar bilvegen og går gamlevegen ca 350m opp til bilvegen og tek den til høgre og går austover ca 650m til Hauge, der du tek Setrevegen opp til Nysetra, ca 2,6 km. Frå Nysetra går råsa etter ryggen opp til toppen ca 1,4 km.

Lenke til turbeskrivelse

Kulturminne

Sjøvegen. Ein del av løypa går på den gamle sjøvegen som gjekk frå Selboskar og Hauge som er dei eldste gardane i Norddal. Sjøvegen var den gamle forbindelsen frå gardane til sjøen, sannsynlegvis bygd på 1600 talet, kanskje tidlegare.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Køyr fv 63 til Valldal, ta av i sentrum og køyr fv 92 (skilta mot Tafjord) i ca 3,2 km då er du i Fjørå sentrum.

Kvar kan du parkere?

Parkeringsplassar i Fjørå sentrum.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 3,2
Fast grus 5,2
God sti 5,2
Lengde tur/retur (km) 13,6 t.r.
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 300 18
Bratteste helning ned 300 18
Total stigning 1100 Høydemeter

Spesielle forhold

Løyperekordar 2014
Herrer: Johan Bugge 44,45 (2013)
Kvinner: Anita Håkenstad Evertsen 51,21 (2010)

Kart

M 711 1319 IV, Norgeskart.no